Sunnmøre Ringmerkingsgruppe
 

SUNNMØRE RG ÅR 2003

Kjell Mork Soot


Summary: Sunnmøre Ringing Group ringed 32812 birds in the year 2003. At our ringing station at Giske (Makkevika) we spesialized at Rock Pipit Anthus petrosus , and we ringed 1894 individuals of that species. Two Rock Pipits, ringed in Netherlands were controlled, and one from Belgium. At the same station we ringed about 3000 waders. Almost 900 of these were Ringed Plover, Charadrius hiaticula. For the future we will aim at ringing species where a few birds are ringed before or there are few ringing recoveries . Relevant species are i.e. Red-breasted Merganser Mergus serrator, Black Guillemot Cepphus grylle, Bluethroat Luscinia svecica, Icterine Warbler Hippolais icterina, Sylvia -species and of course Ringed Plover and Rock Pipit .


Sunnmøre RG er ei av tre ringmerkingsgrupper i Møre og Romsdal. Dei to andre er Trollheimen RG og Nordmøre & Romsdal RG. Alle er tilknytte OUM (Ornitologiske Undersøkingar, Møre o& Romsdal).


Ringmerkingstala varierer sjølvsagt frå år til år og frå ringmerkar til ringmerkar; siste år med variasjon frå nokre få fugl til om lag 7500. Desse ringmerkarane nytta lisensen sin i 2003: Jostein Fagerhol, Alv Ottar Folkestad, Lars Petter Folkestad*, Petter Folkestad*, Eldar Arne Giske*, Karl Johan Grimstad, Torbjørn Hasund*, Rune L. Holstad, Sigurd Arne Hovde*, Nelly Huserbråten, Vidar Kalland, Vegard Aambø Langvatn, Tore Larsen, Tore Chr. Michaelsen*, Stian Moldskred*, Per Ole Myklebust, Per Steinar Myklebust, Oddvar Olsen*, Stein Inge Refvik, Sveinung Remøy*, Tor-Amund Røsberg*, Bjarte Røyset, Bent Skarshaug, Kjell Mork Soot*, Lill Susanne Stubberud* og Ståle Sætre. * etter namnet: Har også vore med på ringmerkingsarbeidet på Giske OS.

Vi har stadig mykje nytte av Magnar Hovden, som brukar ein god del av fritida si i hekkesesongen til å leite reir, for så å la andre i gruppa ringmerke ungane. Dette ga siste gode ungemerkingstal for m.a. for heipiplerke og trastar


I 2003 var desse fangstplassane i drift i lengre periodar: SUNNMØRE: Giske kommune (to stader): Makkevika (=Giske OS) og Skjongskaret. Ålesund kommune : Kverve. Hareid kommune (tre stader): Grimstadvatnet, Hovden og Plassane. Ørsta kommune (to stader) : Barstadvik og Hovdebygda. NORDFJORD: Eid kommune: Nordfjordeid. Selje kommune: Djupedal. SOGN: Sogndal kommune: Halland.


NOKRE KOMMENTARAR TIL RINGMERKINGANE: Havhest: For tredje året på rad slo hekkinga feil for denne arten. Vi gjorde ingen ting for å få tak i dei få som vaks opp.


Havsvale: Det blei prøvt fangst på fleire nye stader, med brukbart resultat. Det var Oddvar Olsen og Jostein Fagerhol som jobba mest med denne arten. Det blei påvist ein ny hekkeplass dette året, Storholmen i Giske kommune, der 4 – 5 fugl blei høyrt nede i steinurdene der. Elles blei to fuglar, som tidlegare år var ringmerkte som ungar på Erkna , kontrollerte på ringmerkingsstaden. Ein av desse fuglane var blitt 7 år gammal. Ein vindfull haust gjorde ilandstigning på Erkna vanskeleg i ungetida, så det blei ikkje ringmerkt ungar av havsvale dette året.


Siland: Vi har ein ideell fangstplass for siland på Hovden, Hareid, der vi fangar om våren. Sist vår ringmerkte vi 5 individ, mest hannar. I tillegg kontrollerte vi tre fuglar som var ringmerkte der sesongen før. Fangstforholda var ikkje gunstige pga sterke vindar i beste fangstperioden. Ein flott kvinandhann blei fanga samtidig.


Teist: Jostein Fagerhol og Oddvar Olsen vil i åra framover satse litt på teist. Første sesongen deira starta bra, med 45 ungemerkingar. Dei har i år laga til om lag 30 hekkestader / hekkekasser som dei håper vil bli nytta av teisten.


Storjo: Vi skal ikkje skulde på veret, men det blei ringmerkt berre fire ungar .


Låvesvale: Ungemerkinga har vi nesten slutta med etter at EURING sitt låvesvaleprosjekt var ferdig . Hekkeundersøkingar blei ikkje gjort systematisk, men det verkar som det var færre hekkepar enn året før. No fangar vi berre litt ved Grimstadvatnet på overnattingsplass, og det vil vi halde fram med. Det blei berre fanga om lag 400 svaler der siste sommar, og det er mindre enn vanleg, sjølv om fangstinnsatsen var som før.


Tilstandsrapport og hekkesuksess for enkelte artar 2003: Fiskemåsen og vipa har gått tydeleg tilbake dei siste åra utan at vi kan seie kvifor. I enkelte fiskemåsekoloniar er hekkebestanden meir enn halvert. Trastar: hekkebestanden av svarttrast og raudvengtrast har auka svært mykje dei siste åra. Spesielt svarttrast er det meir av enn nokon sinne. Måltrasten ligg omtrent på normalnivå, medan gråtrasten har gått tilbake. Vi lurer på om den svært dårlege hekkesesongen 2001, der få gråtrastungar kom på vengane, har skulda i det. Songarar: Bestanden har teke seg kraftig opp hos gransongaren. 2003 var toppåret hittil hos den arten. Lauvsongaren er også i god framgang etter dei miserable hekkesesongane arten hadde for nokre år sida. Tornsongaren er også på veg opp igjen, medan gulsongaren såg ut til å ha ein dårleg hekkesesong. Svartkvit flugesnappar: Vi hadde venta auka hekkebestand siste sesong etter vellukka hekking i 2002, men hekkebestanden var mindre enn året før. Derimot var hekkesuksessen 100 prosent siste sommar. Meiser: det har aldri før gått så mykje blåmeis til hekking som i 2003, og det var ein suksessrik hekkesesong for den arten. Det gjekk også svært mykje kjøtmeis til hekking, men mange hekkeforsøk var mislukka, og kulla var i mange tilfelle små. Stjertmeisa ser ut til å vere i framgang igjen, etter å ha vore omtrent heilt vekke nokre år.


Fossekall: Merkinga er der trappa ein del ned fordi det gir lite nytt og er svært tidkrevjande. I mange tilfelle må vi ta både to og tre ferjer for å kome fram til revira. Det var få revir med fugl i dette året. Grunnen forstår vi ikkje. Kan ei av årsakene vere den useriøse filmen om fossekall som uheldigvis er vist på NRK minst fire gongar ? Har denne filmen fått laksefiskarar til å gå berserk og røve reir og skyte fossekall ? På Sunnmøre blei påvisleg mange reir røva, og vaksne fuglar forsvann i hekketida. Noko liknande har i alle fall ikkje hendt før i dei over 30 åra vi har hatt fossekallen under oppsikt.


Sidensvans: I januar og februar blei om lag 100 individ ringmerkte på forskjellige stader. Arten dukka opp igjen i mindre mengder i slutten av oktober, og var i området til ut november. Det blei i 2003 totalt ringmerkt 469 individ, mest på Hareid og Valderøy .


Blåstrupe: Det viser seg at det er ein del hekkande blåstrupe i dei indre delane av Sunnmøre og Nordfjord (m.a. Stordal, Norddal og Hornindal kommunar). Vi gjorde litt undersøkingar sist sommar, og reknar med å arbeide meir med arten dei neste sesongane.


Gulsongar, Sylvia-artar m.m: Vi fanga ein del gulsongar, munk, og andre artar i revira ved hjelp av lyd. Vi fekk så pass positive erfaringar av dette at vi vil halde fram dei påfølgjande sesongane. Metoden er litt tidkrevjande og merketala pr. dag er ikkje store. Spesielt for artar med lite gjenfunnsmateriale kan dette vere ein måte å få opp merketala på.


Kråke: Det store talet på overvintrande kråker her har ført til litt spekulasjon om kvar desse kjem frå. Kråkefellene i Barstadvik i Ørsta kommune (Sigurd Arne Hovde) og i Hovden, Hareid (Stian Moldskred), ga ein fangst på om lag 400 kråker, 31 ramn og 12 hønsehauk. Det er reelle planar om å setje opp ei kråkefelle på Giske også, der det er store mengder med vinterkråker. Vi har fått første fjernfunnet i dette prosjektet; ei kråke ringmerkt her vinterstid, blei funnen i mai i Västerbotten i Sverige.


Giske Ornitologiske Stasjon: Petter Folkestad, Lars Petter Folkestad og Eldar Arne Giske har lagt ned ein stor innsats i merkingsarbeidet der ute, men mange andre har også bidratt med sitt. Nesten halve gjengen i ringmerkingsgruppa har vore med på ringmerkingsarbeid der i 2003. Sist vinter blei det også skylt opp mykje tare. Dette ga gode beitetilhøve for vadarar og skjerpiplerke. Frå august av var der bra med småvadarar. Vi satsa som vanleg spesielt på sandlo, og nærmare 900 blei merkte. Dette er nest beste årsresultatet vi nokon sinne har hatt for den arten. Myrsnipe prøvde vi å fange minst mogeleg av (1207 ringmerkt). I staden satsa vi på å få fanga inn vadarartar som det er lite gjenfunnsmateriale på, og er fornøgde med f.eks. 14 tundralo, 20 lappspove, 98 raudstilk, 19 fjøreplytt, 173 brushane, 62 steinvendar og 50 enkeltbekkasin. Skjerpiplerkefangsten ved hjelp av ruser og lyd heldt vi fram med på stasjonen. Til saman ringmerkte vi 1891 skjerpiplerker der. Ein stor del av beste fangstsesongen om våren blei spolert fordi han som hadde planlagt å jobbe der mest, blei skada og måtte melde pass. Under ein lang periode under vårtrekket hadde vi ikkje folk til å setje inn, unntatt i helgane, og 500 blei ringmerkt i vårsesongen. To nederlandske og ein belgiskmerkt fugl blei kontrollerte då. I beste perioden om hausten var veret så dårleg (kraftig vind og regn) at sjølv rusefangsten fungerte nesten ikkje. Gjenfunn vi fekk innmeldt i løpet av året var to frå Nederland, ein frå Belgia og ein frå England. Det blei prøvt same fangstmetode på fleire andre stader på Ytre Sunnmøre, men det var ikkje vellukka. Revirhevdande hannar var ofte eit problem. Dei jaga bort andre fuglar både vår og haust på dei stadene vi prøvde. Som bifangst til skjerpiplerkene fekk vi m.a. ein del heipiplerker (over 300).


Fangst i Nord-Atlanterhavet: Vi har fått ein ny og dyktig ringmerkar, Eldar Arne Giske, som arbeider på linebåten ”Nyvoll Senior”. Når han er heime, gjer han ein god innsats på Giske OS. Når han er på fiske i området Shetland /Færøyane/ Bjørnøya/ Barentshavet, fangar han ein god del fugl når han har frivakt . I 2003 blei dette resultatet: Havhest 770, havsule 38, storjo 11, hettemåse 1, sildemåse 1, gråmåse 12, polarmåse 103, svartbak 3, krykkje 139. Han kontrollerte to havhest ringmerkte i Skottland og to frå Færøyane. Dessutan blei 3 britiskmerkte storjo kontrollerte og tre britiskmerkte blei dessverre tatt på line. Ei norskmerkt krykkje blei kontrollert.


Merkingar av meir sjeldne merkeartar: Ein steppehauk hamna i nettet 02.mai ved Grimstadvatnet, Hareid. Det er første merking av den arten i Noreg og første funn i Møre og Romsdal. Ein islandsraudvengtrost, Turdus iliacus coburni, blei ringmerkt ved Grimstadvatnet.Denne rasen er tidlegare påvist her fleire gongar. Eit kull på seks svartstrupeungar blei ringmerkt på Stadt. I Hovden, Hareid blei det ringmerkt ei haukugle, ein rørsongar og ein rosenfink. Elles blei myrsongar (4) ringmerkt av gruppa. To sibirgransongar, Phylloscopus collybita tristis, blei fanga i oktober på Hareid, ved Grimstadvatnet og Plassane. Vi rundar av med ein hortulan i Barstadvik, Ørsta, ein dvergsporv ved Grimstadvatnet, Hareid og totalt fire kjernebitar , 3 på Nordfjordeid og 1 i Barstadvik.


Kontrollar / gjenfunn, for det meste frå utlandet: Vi mottok ca. 150 rapportar av våre ringmerkte fuglar, av desse var 89 frå utlandet. I tillegg kontrollerte vi om lag 90 framandmerkte fuglar, der nesten halvparten var norskmerkte havsvaler. 31 fuglar hadde ringar frå utanlandske sentralar. Av plassomsyn blir dei fleste meir lokale funna ikkje nemnde her. Havsvale : To britiskmerkte og ei portugisisk blei kontrollerte. Utanom mange kontrollar av framande norske, blei også mange av våre fuglar kontrollerte langs store delar norskekysten. I tillegg blei ein av fuglane våre kontrollert på Færøyane, ein i Irland, 19 i Skottland og tre i England.. Fjellvåk: Ein snart 15 år gammal fugl blei funnen i Tyskland. Det er eldste norskmerkte fjellvåk hittil. Sandlo: Under ein sterk storm kolliderte ei av våre ringmerkte sandloer mot ein kokospalme i Sierra Leone og blei drepen. Ein annan fugl blei kontrollert av franske ringmerkarar i Senegal, og ein som overvintra i Skottland, blei kontrollert av ringmerkarar der. Myrsnipe: ti funn frå utlandet: Sverige (1), Frankrike (2), England (3), Wales (3) og Irland (1). Brushane: 2 ind rapporterte frå Frankrike Det er vel ingen overraskelse at dei blei skotne begge to.. Raudstilk: Nesten to månader etter merking i Makkevika, blei fuglen skoten i Spania. Steinvendar: teleskopavlesningar av ein fugl frå England, ein frå Skottland og ein i Frankrike. Fiskemåse: ein teleskopavlesing i Skottland. Gråmåse : to teleskopavlesingar frå Tyskland. Svartbak: Eitt funn i Frankrike og eitt i England.Krykkje: Eitt individ blei funne død i Nederland. Lomvi: eitt individ frå Skottland blei funne drukna i fiskegarn. Sandsvale: For andre år på rad blei ei skotskmerkt sandsvale kontrollert på hekkeplass. Skjerpiplerke: Sjå under Giske OS (over). Sidensvans: Ein britiskmerkt og ein finskmerkt kontrollert ved Grimstadvatnet, Hareid. Av våre merkingar blei to funne i Sverige og ein i Finland. Fossekall: Vi kontrollerte ein med svensk ring. Fuglen var kontrollert på same stad også året før. Ein fugl som blei ringmerkt som overvintrande i Rogaland, blei kontrollert på hekkeplass. Jernsporv og raudstrupe: Eitt individ av kvar art funne død i Tyskland. Svarttrast: To individ, begge ringmerkte på Fair Isle, Skottland, blei kontrollert .Måltrost: eitt individ skote i Portugal. Raudvengtrast: eitt ind funne død i Belgia, og ein skotskmerkt blei kontrollert. Munk: Ein fugl blei tatt av katt i Sandefjord, Vestfold. Ein annan funnen død i Tyskland. Ein belgiskmerkt kontrollert 07.10 på Nordfjordeid. Lauvsongar: eitt ind kontrollert av sveitsiske ringmerkarar i Mauretania 11.09. Eitt ind kontr. på vårtrekk (17.04) i Italia. Eit tredje individ blei kontrollert på hausttrekk i Belgia. Svartkvit flugesnappar: 1 ind funne i Portugal om våren. Stare: ein pullmerkt stare frå Tromsø-distriktet kontrollert på vårtrekk i Makkevika 28.03, dessutan blei ein pullmerkt frå Hareid funnen død i England. Kråke: ein vintermerkt fugl funnen død i Nord- Sverige i mai.Bokfink: Ein skotskmerkt fugl kontr. 30.03. medan ein av ”våre” fuglar blei kontrollert i Nederland. Bjørkefink med svensk ring blei kontrollert 03.04, ein med britisk ring 15.09, og ein fugl frå Bodøkanten blei kontrollert i desember. Grønfink: I tillegg til mange kontrollar i Noreg, fekk vi gjenfunn frå Danmark (1), Nederland (2), og England (1). Av utanlandsmerkte fekk vi ein fugl med svensk ring og to danske. Grønsisik: Vi kontrollerte fuglar merkte i Belgia (3), Nederland (1), England (1), Skottland (1) og Italia (2).Vi fekk gjenfunn frå Sverige(1), Danmark(2), Belgia (2) og England (2) . Gråsisik: kontrollar frå Finland (2) , Sverige, Tyskland og innanlands i Ringebu , Oppland. Ein Rogalandsmerkt blei kontrollert. Brunsisik: Ein kontrollert i Nederland. Gulsporv: Ein fugl frå Rogaland blei kontrollert 27.03. Sivsporv: ein kontroll frå kvart av landa Nederland (okt), Frankrike (okt) og Spania (januar).


Takk: Mange av merkarane har ikkje tilgang til datautstyr og dermed RING- programmet. Vi legg alle merkingane inn på data, og det trengs hjelp til dette. Stor takk til Stian Moldskred og Stein Inge Refvik som har datalagt tusenvis av fugl.

Sunnmøre RG har ei internettside der Stian Moldskred er redaktør ,og Hans Petter Farstad vil vere ansvarleg for webdesign. Heimesida vår finn du på www.fugler.com/srg





Art


Tidlegare ringm.  Pull 2003  Fg. 2003 Giske OS Tils. 2003 Totalt
Havhest Fulmarus glacialis 4250 - 770 - 770 5020
Havsvale Hydrobates pelagicus 5545 - 350 5 355 5900
Stormsvale Oceandr. leucorhoa 36 - 1 - 1 37
Havsule Sula bassana 84 - 38 - 38 122
Toppskarv Phalacr. aristotelis 15490 348 4 - 352 15842(10)
Krikkand Anas crecca 56 - - 1 1 57
Kvinand Bucephala clangula 10 - 1 - 1 11
Siland Mergus serrator 70 - 5 - 5 75
Havørn Haliaeetus albicilla 516 50 - - 50 566
*Steppehauk Circus macrourus - - 1 - 1 1
Hønsehauk Accipiter gentilis 368 4 12 - 16 384
Sporvehauk Accipiter nisus 198 - 5 - 5 203
Kongeørn Aquila chrysaetos 13 - 1 - 1 14
Dvergfalk F. columbarius 94 - 1 4 5 99
Vandrefalk Falco peregrinus 12 - 1 - 1 13
Tjeld Haematopus ostralegus 1763 14 - 3 17 1780
Sandlo Charadrius hiaticula 6887 - - 887 887 7774
Boltit Charadrius morinellus 4 4 - - 4 8
Heilo Pluvialis apricaria 272 - - 16 16 288
Tundralo Pluvialis squatarola 160 - - 14 14 174
Vipe Vanellus vanellus 719 13 - - 13 732
Polarsnipe Calidris canutus 405 - - 38 38 443
Sandløpar Caldris alba 197 - - 16 16 213
Dvergsnipe Calidris minuta 4787 - - 55 55 4842
Temmincksnipe C. temminckii 20 - - 1 1 21
Tundrasnipe Calidris ferruginea 1008 - - 1 1 1009
Fjøreplytt Calidris maritima 41 - - 19 19 60
Myrsnipe Calidris alpina 22468 - - 1205 1205 23673 (5)
Fjellmyrløpar Limico. falcinellus 4 - - 1 1 5
Brushane Philomachus pugnax 1757 - - 173 173 1930
Kvartbekkasin Lymno. minimus 407 - 3 5 8 415
Enkeltbekkasin Gall. gallinago 962 8 5 50 63 1025
Rugde Scolopax rusticola 51 5 - - 5 56
Art Tidlegare ringm.  Pull 2003  Fg. 2003 Giske OS Tils. 2003 Totalt
Lappspove Limosa lapponica 311 - - 20 20 331
Storspove Numenius arquata 371 17 - - 17 388
Raudstilk Tringa totanus 661 - - 98 98 759
Gluttsnipe Tringa nebularia 12 - - 1 1 13
Strandsnipe Actitis hypoleucos 620 9 2 6 17 637
Steinvendar Arenaria interpres 348 - - 62 62 410
Storjo Stercorarius skua 221 4 11 - 15 236
Hettemåse Larus ridibundus 585 1 1 - 2 587
Fiskemåse Larus canus 10373 44 45 1 90 10463
Sildemåse Larus fuscus 615 33 2 - 35 650
Gråmåse Larus argentatus 6789 13 32 - 45 6834
*Polarmåse Larus hyperboreus - - 103 - 103 103
Svartbak Larus marinus 5932 8 8 - 16 5948
Krykkje Rissa tridactyla 28803 - 139 - 139 28942 (4)
Makrellterne Sterna hirundo 1444 - - 1 1 1445
Lomvi Uria aalge 2970 1 - - 1 2971
Alke Alca torda 344 2 - - 2 346
Teist Cepphus grylle 1377 45 - - 45 1422
Tyrkerdue Streptopelia decaocto 5 - - 1 1 6
Haukugle Surnia ulula 18 - 1 - 1 19
Kattugle Strix aluco 1626 22 2 - 24 1650
Tårnseglar Apus apus 28 2 1 - 3 31
Flaggspett Dendrocopus major 141 - 5 - 5 146
Dvergspett D. minor 36 - 1 - 1 37
Sandsvale Riparia riparia 1559 5 145 - 150 1709
Låvesvale Hirundo rustica 17605 20 404 30 454 18059 (8)
Taksvale Delichon urbica 597 - - 1 1 598
Trepiplerke Anthus trivialis 557 - 9 - 9 566
Heipiplerke Anthus pratensis 14639 77 1301 387 1765 16404 (9)
Skjærpiplerke Anthus petrosus 2914 - 3 1891 1894 4808
Gulerle Motacilla flava 27 - - 1 1 28
Linerle Motacilla alba 4108 12 57 36 105 4213
Sidensvans Bombycilla garrulus 1448 - 469 - 469 1917
Fossekall Cinclus cinclus 6999 15 4 - 19 7018
Art Tidlegare ringm.  Pull 2003  Fg. 2003 Giske OS Tils. 2003 Totalt
Gjerdesmett Troglo. troglodytes 4202 6 173 1 180 4382
Jernsporv Prunella modularis 7907 26 374 - 400 8307
Raudstrupe Erithacus rubecula 10128 - 466 2 468 10596
Blåstrupe Luscinia svecica  292 38 118 - 156 448
Raudstjert Phoen. phoenicurus  406 7 2 - 9 415
Buskskvett Saxicola rubetra 1746 14 28 2 44 1790
Svartstrupe Saxicola torquata 23 6 - - 6 29
Steinskvett Oenanthe oenanthe 425 7 1 17 25 450
Ringtrast Turdus torquatos 240 - 1 - 1 241
Svarttrast Turdus merula 5765 44 422 3 469 6234
Gråtrast Turdus pilaris 6015 18 351 - 369 6384
Måltrast Turdus philomelos 2721 44 80 - 124 2845
Raudvengtrast Turdus iliacus 17473 87 750 - 837 18310 (7)
Sivsongar Acroc. schoenobaenus 434 - 29 1 30 464
Myrsongar Acroceph. palustris 7 - 4 - 4 11
Rørsongar Acrocep. scirpaceus 17 - 1 - 1 18
Gulsongar Hippolais icterina  398 - 46 - 46 444
Møller Sylvia curruca 95 - 1 - 1 96
Tornsongar Sylvia communis 831 6 48 1 55 886
Hagesongar Sylvia borin 635 4 20 1 25 660
Munk Sylvia atricapilla 4266 - 611 - 611 4877
Gransongar Phyllosc. collybita 2716 - 370 1 371 3087
Lauvsongar Phyllosc. trochilus 41060 - 2265 5 2270 43330 (2)
Fuglekonge Regulus regulus 5107 - 485 - 485 5592
Gråflugesnappar Musc. striata 850 26 29 - 55 905
Svartkvit flugesn. F. hypoleuca 10003 294 56 - 350 10353
Stjertmeis Aegithalos caudatus 2465 11 80 - 91 2556
Lauvmeis Parus palustris 1692 22 53 - 75 1767
Granmeis Parus montanus 4024 6 180 1 187 4211
Toppmeis Parus cristatus 61 - 4 - 4 65
Svartmeis Parus ater 1055 10 24 - 34 1089
Blåmeis Parus caeruleus 7335 225 562 20 807 8142
Kjøtmeis Parus major 20149 724 942 18 1684 21833 (6)
Spettmeis Sitta europaea 1265 44 15 - 59 1324
Trekrypar Certhia familiaris 565 - 42 - 42 607

Art


Tidlegare ringm.  Pull 2003  Fg. 2003 Giske OS Tils. 2003 Totalt
Varslar Lanius excubitor 10 - 1 - 1 11
Nøtteskrike Garrulus glandarius 48 - 1 - 1 49
Skjor Pica pica 366 - 3 - 3 369
Kråke Corvus corone cornix 646 4 397 6 407 1053
Ramn Corvus carax 1283 4 31 - 35 1318
Stare Sturnus vulgaris 8913 62 112 338 512 9425
Gråsporv Passer domesticus 5189 - 251 2 253 5442
Pilfink Passer montanus 44 - 1 - 1 45
Bokfink Fringilla coelebs 6593 2 1216 3 1221 7814
Bjørkefink Fring. montifringilla 9478 - 930 145 1075 10553
Grønfink Carduelis chloris 35573 7 3367 165 3539 39112 (3)
Grønsisik Carduelis spinus 10534 - 1274 - 1274 11808
Tornirisk Carduelis cannabina 29 - 2 - 2 31
Bergirisk Carduelis flavirostris 4805 - 3 40 43 4848
Gråsisik Caruelis flammea 57258 35 3814 - 3849 61107 (1)
Brunsisik Carduelis cabaret 842 - 171 - 171 1013
Rosenfink Carpodac. erythrinus 11 - 1 - 1 12
Dompap Pyrrhula pyrrhula 3751 - 116 1 117 3868
Kjernebiter Coc. coccothraustes 9 - 4 - 4 13
Gulsporv Emberiza citrinella 448 - 13 - 13 461
Hortulan Emberiza hortulana 2 - 1 - 1 3
Dvergsporv Emberiza pusilla 7 - 1 - 1 8
Sivsporv Emberiza schoeniclus 4098 12 149 3 164 4262
Totalt (221 artar,125 artar i 2003): 505467 2571 24435 5806 32812 538279






Tidlegare ringmerkt : Dvergdukkar Tachybaptus ruficollis 1, horndukkar Podiceps auritus 1, havlire Puffinus puffinus 1, storskarv Phalacrocorax carbo 3, gråhegre Ardea cinerea 2535, krabbehegre Butorides striatus 1, knoppsvane Cygnus olor 3, songsvane Cygnus cygnus 30, kortnebbgås Anser brachyrhynchus 2, tundragås A. albifrons 1, grågås A. anser 14, gravand Tadorna tadorna 19, stokkand Anas platyrhynchos 114, brunnakke Anas penelope 10, bergand A. marila 1, toppand Aythya fuligula 2, havelle Clangula hyemalis 2, ærfugl Somateria mollissima 44, fjellvåk Buteo lagopus 165, musvåk Buteo buteo 2, fiskeørn Pandion haliaetus 1, jaktfalk Falco rusticolus  4, tårnfalk Falco tinnuculus 16, lerkefalk Falco subbuteo 1, lirype Lagopus lagopus 1, storfugl Tetrao urogallus 14, orrfugl Tetrao tetrix 3, vaktel Coturnix coturnix 1, fasan Phsanius colchicus 42, vassrikse Rallus aquaticus 8, myrrikse Porzana porzana 2, åkerrikse Crex crex 10, sothøne Fulica atra 1, sivhøne Gallinula chloropus 9, trane Grus grus 1, dverglo Charadrius dubius 1, alaskasnipe C. melanotos 2, rustsnipe Tryngites subruficollis 1, svarthalespove Limosa limosa 12, småspove Numenius phaeopus 55, dobbeltbekkasin Gallinago media 4, sotsnipe Tringa erythropus 9, skogsnipe T. ochropus 5, grønstilk Tringa glareola 13, tjuvjo Stercorarius parasiticus 63, svømmesnipe Phalaropus lobatus 21, raudnebbterne Sterna paradisaea 2490, terner- S. hirundo/paradisea 4, alkekonge Alle alle 10, lunde Fratercula arctica 2921, ringdue Columba palumbus 34, bydue Columba livia var. domesticus 46, gauk Cuculus canorus 27, skjæregjøk Clamator glandarius 1, hubro Bubo bubo 2, snøugle Nyctea scandiaca 1, sporveugle Glaucidium passerinum 7,hornugle Asio otus 24, jordugle Asio flammeus 19, perleugle Aegolius funereus 55, vendehals Jynx torquilla 143, gråspett Picus canus 19, grønspett Picus viridis 8, kvitryggspett Dendrocopos leucotos 35, songlerke Alauda arvensis 160, dverglerke Calandrella brachydactyla 1, fjellerke Eremophila alpestris 2, hybrid H. Rustica x D. urbica 2, tartarpiplerke Anthus novaeseelandiae 1, lappiplerke Anthus cervinus 4, vintererle Motacilla cinerea 2, nattergal Luscinia luscinia 1, taigatrost Turdus ruficollis 1, grashoppesongar Loc. naevia 8, elvesongar Locustella fluviatilis 2, starrsongar L. Certhiola 1, busksongar Acrocephalus dumetorum 1, hauksongar Sylvia nisoria 36, gulbrynsongar P. inornatus 40, bøksongar Phyll. sibilatrix 5, fuglekongesongar Phylloscopus proregulus 1, viersongar P.schwarzi 1, dvergflugesnappar Muscicapa parva 1, lappmeis Parus cinctus 15, raudhalevarslar Lanius isabellinus 1, tornskate Lanius collurio 7, nøttekråke Nucifraga caryocatactes 4, kaie Corvus monedula 3, kornkråke C. frugilegus 1, stillits Carduelis carduelis 2, polarsisik Carduelis hornemanni 556, bandkorsnebb Loxia leucoptera 8, grankorsnebb L. curvirostra 106, furukorsnebb L. pytyopsittacus 8, konglebit Pinicola enucleator 3, lappsporv Calcarius lapponicus 21, snøsporv Plectrophenax nivalis 89, sibirsporv Emberiza aureola 1.


Sunnmøre RG,

 

Kjell Mork Soot, 6060 Hareid Tlf 70092443 (pr) Tlf 70095750 (arb) Telefax 70095751 (arb) Mob: 91308487

E-post: kjellmorksoot@fugler.com

Hovedmeny
Startsida
Sesong 2006
Sesong 2005
Tidlegare år
Giske OS
Fokstumyra 2005
Ringmerkarar
Kontakt oss
Dokument/Nedlastingar
Siste obs. M&R og S&F


Vis observasjonar