Sunnmøre Ringmerkingsgruppe
 

Sesongen 2002

Kjell Mork Soot

Sunnmøre RG er ei av tre ringmerkingsgrupper i Møre og Romsdal. Dei to andre er Trollheimen RG og Nordmøre & Romsdal RG. Alle er tilknytte OUM (Ornitologiske Undersøkingar, Møre o& Romsdal).

Ringmerkingstala varierer sjølvsagt frå år til år og frå ringmerkar til ringmerkar; siste år med variasjon frå nokre få fugl til om lag 6000. Desse ringmerkarane nytta lisensen sin i 2002: Jostein Fagerhol, Alv Ottar Folkestad, Lars Petter Folkestad, Petter Folkestad, Karl Johan Grimstad, Torbjørn Hasund, Rune L. Holstad, Sigurd Arne Hovde, Nelly Huserbråten, Vidar Kalland, Vegard Aambø Langvatn, Tore Larsen, Tore Chr. Michaelsen, Stian Moldskred, Per Ole Myklebust, Per Steinar Myklebust, Oddvar Olsen, Stein Inge Refvik, Sveinung Remøy, Tor-Amund Røsberg, Bjarte Røyset, Bent Skarshaug, Kjell Mork Soot, Lill Susanne Stubberud og Ståle Sætre. Vi hadde også besøk frå Arnkjell Johansen i Østfold RG. Han har delteke aktivt i ringmerkingsarbeidet når han har vore her. Vi har stadig mykje nytte av Magnar Hovden, som brukar ein god del av fritida si til å leite reir, for så å la andre i gruppa ringmerke ungane. Dette har gitt gode ungemerkingstal for m.a. for enkeltbekkasin, heipiplerke og trastar. Vi har tre mann som satsar på å få lisens etter kvart: Egil Flem , Eldar Arne Giske og Olav Asgeir Giske, så rekrutteringa ser ut til å vere brukbar.

I 2002 var desse fangstplassane i drift i lengre periodar: SUNNMØRE: Giske kommune (to stader): Makkevika og Skjongskaret. Ålesund kommune : Kverve. Hareid kommune (tre stader): Grimstadvatnet, Hovden og Plassane. Ørsta kommune: Barstadvik.

NORDFJORD: Eid kommune: Nordfjordeid. Selje kommune: Djupedal. SOGN: Sogndal kommune: Skjeldestad.

NOKRE KOMMENTARAR TIL RINGMERKINGANE:

Havhest: For tredje året på rad slo hekkinga feil for denne arten. Vi gjorde ingen ting for å få tak i dei få som vaks opp.

Storjo: Områda med hekkande storjo blei godt undersøkte. Vi lukkast å finne 32 ungar og tre vaksne blei fanga.inn.

Måsar: Måsearten som hadde størst hekkesuksess var utan tvil sildemåsen.

Hekkesuksess sommaren 2002, insektetarar: Det er svært lenge sidan at det har vore så vellukka hekking som i 2002. Vi har åra før stadig kome over kull med daude ungar. Det gjeld både for kassehekkarar, låvesvaler og andre insektetande fuglar. Derfor var denne sesongen svært gledeleg, der ingen kull med daude ungar blei funne. Dette kjem nok av at sjølv om det regna ein del, var lufttemperaturen heile tida så høg at insekta var i aktivitet.

PROSJEKTARTAR / ARTAR VI SATSAR SPESIELT PÅ:

Havsvale: Det blei prøvt fangst på fleire nye stader, med brukbart resultat. Som vanleg blei ein unge ringmerkt på Erkna.

Låvesvale: Ungemerkinga har vi nesten slutta med etter at EURING sitt låvesvaleprosjekt var ferdig . No fangar vi berre litt ved Grimstadvatnet på overnattingsplass, og det vil vi halde fram med. Det blei fanga nesten 800 svaler der siste sommar, som vel er omtrent det ein kan vente seg der i åra framover.

Fossekall: Merkinga er der trappa ein del ned fordi det gir lite nytt og er svært tidkrevjande . I mange tilfelle må vi ta både to og tre ferjer for å kome fram til revira. Vi vil frå no av besøke revira for å sjå nærmare på hekkefuglane. Er dei ringmerkte på høgre fot , er dei sannsynlegvis utanlandsmerkte, og då vil vi satse på å fange dei inn. Ungar som er ringmerkingsklare når vi er i reviret, vil sjølvsagt få ring.

Nye prosjektartar:

Siland: Vi har ein ideell fangstplass for siland på Hovden, Hareid, der vi har begynt å fange om våren. Sist vår fanga vi 12 individ, mest hannar.

Skjerpiplerke: Medan vi heldt på å byggje den nye stasjonen vår i Makkevika på Giske, eksperimenterte vi med å finne ut ein effektiv fangstmetode for denne arten. Og den beste metoden er utan tvil ei klynge ruser med lyd til. Til saman ringmerkte vi 1876 skjerpiplerker der. I tillegg gjekk ein del heipiplerker i. Ruser for piplerkefangst er utan tvil betre enn fangstnett. Og vi er mykje meir uavhengige av veret. Vi vil i dei komande åra byggje oss transportable ruser, for å satse på denne arten andre stader også. Arten er ansvarsart for Noreg. Noreg har ca. 88 prosent av den hekkande verdspopulasjonen. Er det nokon som tenkjer på å ta hovudfagsoppgåve på denne lite studerte arten, så må Makkevika , med si nye stasjonsbygning, vere midt i blinken. Ei britiskmerkt skjerpiplerke frå Sør-England blei kontrollert. Dessutan blei ei norskmerkt, sannsynlegvis frå Røst, kontrollert. Vi oppdaga fort at denne arten slit mykje på ringane. Vi har derfor begynt å bruke stålringar, og oppfordrar andre til å gjere det same.

Blåstrupe: Det viser seg at det er ein del hekkande blåstrupe i dei indre delane av Sunnmøre og Nordfjord (m.a. Stordal, Norddal og Hornindal kommunar). Vi gjorde litt undersøkingar sist sommar, og reknar med å arbeide meir med arten dei neste sesongane.

Ringtrast: Denne arbeidskrevjande arten har vi svært lyst å satse på. Vi har prøvt mange ulike metodar med tanke på fangst, men ingen metode har så langt slått til Er det nokon som har tips å gi? Eller må ein berre satse på å finne reir for ungemerking?

Gulsongar, Sylvia-artar m.m: Vi fanga ein del gulsongar, munk, og andre artar i revira ved hjelp av lyd. Vi fekk så pass positive erfaringar av dette at vi vil halde fram neste sesong. Metoden er litt tidkrevjande og merketala pr. dag er ikkje store. Spesielt for artar med lite gjenfunnsmateriale kan dette vere ein måte å få opp merketala på.

Kråke: Det store talet på overvintrande kråker her har ført til litt spekulasjon om kvar desse kjem frå. Når det gjeld den arten, er det i grunnen lite vi veit, sjølv om fuglen er svært vanleg sommar som vinter. I åtti-åra hadde vi ei kråkefelle i Brandal, Hareid, der vi ringmerkte litt kråker vinterstid. Dette ga gjenfunn frå Dombås i Oppland, Oppdal i Sør-Trøndelag og Verdal i Nord-Trøndelag i hekketida. I vinter er to nye feller sette opp. Først ei i Barstadvik i Ørsta kommune og like etter ei i Hovden, Hareid. Fangsten hittil tyder på at dette vil gi godt resultat. Fram til nyttår var 212 kråker fanga og ringmerkte, i tillegg til nokre få hønsehaukar og ramnar.

Giske Ornitologiske Stasjon: Vi fekk eit tilskot på 50 000 kroner frå Fylkesmannen. Dette har sett oss i stand til å bygge ei ny stasjonsbygning samstundes som vi har fjerne den gamle brakka som stod der.

Spesielt har Petter Folkestad lagt ned ein stor innsats i merkingsarbeidet der ute, men mange andre har også bidratt med sitt. Om lag halve gjengen i ringmerkingsgruppa har vore der på dugnad og / eller ringmerkingsarbeid.

Sist vinter blei det skylt opp mykje tare. Dette ga gode beiteplassar for vadarar og skjerpiplerke. Det var betre med småvadarar enn på mange år. Vi satsa som vanleg spesielt på sandlo, og nærmare 1000 blei merkte. Det er beste årsresultatet nokon sinne for den arten. Etter samråd med Olav Runde på Ringmerkingssentralen har vi bestemt at all fugl ringmerkt på den vesle øya Giske skal reknast under Giske Ornitologiske Stasjon. Dette er spesielt aktuelt no, sidan det ser ut til at vi får to ringmerkarar som bor på Giske. Desse kjem heilt sikkert også til å ringmerke utanom sjølve Makkevika der stasjonshytta står, og der vadarfangsten foregår.

Merkingar av meir sjeldne merkeartar: Ei myrrikse og ei åkerrikse blei fanga inn. Vi mislukkast med å fange inn åkerrikser på tre stader på Ytre Sunnmøre. Då vi seinare netter kom tilbake for nye forsøk, var der ikkje åkerrikser å høyre, men det var fleire kattar å sjå på alle stadene. Vi fekk ein snikande mistanke om at katt kan vere ein av grunnane til at åkerriksa er gått så sterkt tilbake. Kattehaldet har nemleg auka kraftig her, som elles i Noreg. Svarthalespove: For første gong blei det ringmerkt svarthalespove på Giske (to individ). Kvartbekkasin var det mykje av i oktober 2002, og 21 blei fanga. Dessverre kom det tidleg i oktober sterk og langvarig frost, og fuglane blei etter kvart svært skrinne. Vi er ikkje så sikre på at alle fuglane kom seg så mykje lenger. Sidensvans: Arten dukka opp i mindre mengder i oktober. Større tal kom først ved juletider, og over 300 blei fanga i juleferien på Hareid og på Valderøy. Grønlandssteinskvett, O.o.leucorhoa, blei fanga ved Grimstadvatnet, Hareid, i slutten av april. På same stad blei to sibirgransongar, P. t. tristis, fanga i oktober. Elles blei gulbrynsongar (1), grashoppesongar (1), myrsongar (4), rørsongar (4) og hauksongar (8), ringmerkt av gruppa. Vi avrundar med fire rosenfink og same tal av kjernebitar.

Kontrollar / gjenfunn, for det meste frå utlandet: Havsvale : Fire britiskmerkte og ei portugisisk blei kontrollerte. Utanom mange kontrollar av framande norske, blei også mange av våre fuglar kontrollerte langs heile norskekysten. I tillegg blei ein av fuglane våre kontrollert på Færøyane, sju i Skottland og ein i Portugal. Tjeld: Ein britiskmerkt blei funnen død. Storjo: Ein ungemerkt frå Runde blei funnen død i Tyskland same vinter. Krykkje: Eitt individ blei ”fanget og spist” ved Færøyane. Skjerpiplerke: Ein fugl, ringmerkt i Kent, England i februar, blei året etter, i slutten av mars, kontrollert på Giske. Ein framandmerkt norsk fugl blei kontrollert på same stad (frå Røst?). Fossekall: To ungemerkte fuglar blei kontrollerte i Sverige. Vi kontrollerte tre med svensk ring. Svarttrast: Eitt individ blei funnen død i Skottland. Raudvengtrast: Eitt funn frå kvart av landa Skottland, Frankrike og Portugal. Ein britiskmerkt blei kontrollert i oktober. Grønfink: I tillegg til store mengder kontrollar i Noreg, fekk vi gjenfunn frå Danmark (3), Nederland (2), Belgia (1) og Nederland (2). Av utanlandsmerkte fekk vi ein fugl frå kvart av landa Skottland, Danmark, Tyskland og Belgia. Grønsisik:Vi fekk gjenfunn frå Skottland (1), England (2), Tyskland (3), Nederland (1) og Spania (1). Kontrollerte eitt finskmerkt individ i oktober. Gråsisik: Fem kontrollar frå Sverige og ein kontroll frå kvart av landa Finland, Latvia, Russland og Belgia. Brunsisik: Ein kontroll i Sverige.

Takk: Til alle dei som har vore med på dugnaden på den nye stasjonsbygninga på Giske.

Mange av merkarane har ikkje tilgang til datautstyr og dermed RING- programmet. Vi legg alle merkingane inn på data, og det trengs hjelp til dette. Stor takk til Stian Moldskred og Stein Inge Refvik som har datalagt tusenvis av fugl.

Og Per Ole Myklebust som har vore ansvarleg for heimesida vår fram til årsskiftet 2002/2003.Ny redaktør er Stian Moldskred og Hans Petter Farstad vil vere ansvarleg for webdesign. Heimesida vår finn du på www.fugler.com/srg

Art Tidlegare ringm. Pull 2002 Fg. 2002 Giske OS Tils. 2002 Totalt

Havsvale Hydrobates pelagicus

5261

1

282

1

284

5545

Stormsvale Oceandr. leucorhoa

34

-

2

-

2

36

Toppskarv Phalacr. aristotelis

15195

291

4

-

295

15490 (9)

Gråhegre Ardea cinerea

2523

12

-

-

12

2535

Krikkand Anas crecca

54

-

1

1

2

56

Stokkand A. platyrhynchos

113

-

-

1

1

114

Ærfugl Somateria mollissima

41

-

3

-

3

44

Kvinand Bucephala clangula

9

-

1

-

1

10

Siland Mergus serrator

58

-

12

-

12

70

Havørn Haliaeetus albicilla

489

27

-

-

27

516

Hønsehauk Accipiter gentilis

360

4

4

-

8

368

Sporvehauk Accipiter nisus

191

-

7

-

7

198

Tårnfalk Falco tinnuculus

15

-

1

-

1

16

Dvergfalk F. columbarius

92

2

-

-

2

94

Vandrefalk Falco peregrinus

5

-

-

1

1

6

Myrrikse Porzana porzana

1

-

1

-

1

2

Åkerrikse Crex crex

9

-

1

-

1

10

Tjeld Haematopus ostralegus

1741

20

1

1

22

1763

Sandlo Charadrius hiaticula

5901

6

-

980

986

6887

Heilo Pluvialis apricaria

265

-

-

7

7

272

Vipe Vanellus vanellus

703

16

-

-

16

719

Polarsnipe Calidris canutus

385

-

-

20

20

405

Sandløpar Caldris alba

187

-

-

10

10

197

Dvergsnipe Calidris minuta

4733

-

-

54

54

4787

Tundrasnipe Calidris ferruginea

968

-

-

40

40

1008

Fjøreplytt Calidris maritima

38

-

-

3

3

41

Myrsnipe Calidris alpina

20704

-

-

1764

1764

22468 (5)

Brushane Philomachus pugnax

1693

-

-

64

64

1757

Kvartbekkasin Lymno. minimus

386

-

21

-

21

407

Enkeltbekkasin Gall. gallinago

920

13

14

15

42

962

Svarthalespove Limosa limosa

10

-

-

2

2

12

Lappspove Limosa lapponica

305

-

-

6

6

311

Storspove Numenius arquata

352

19

-

-

19

371

Raudstilk Tringa totanus

637

1

-

23

24

661

Gluttsnipe Tringa nebularia

11

-

-

1

1

12

Strandsnipe Actitis hypoleucos

598

5

15

2

22

620

Steinvendar Arenaria interpres

329

-

-

19

19

348

Storjo Stercorarius skua

186

32

3

-

35

221

Hettemåse Larus ridibudus

584

1

-

-

1

585

Fiskemåse Larus canus

10296

66

11

-

77

10373

Gråmåse Larus argentatus

6759

16

14

-

30

6789

Svartbak Larus marinus

5907

25

-

-

25

5932

Krykkje Rissa tridactyla

28664

138

1

-

139

28803 (4)

RaudnebbterneSternaparadisaea

2447

43

-

-

43

2490

Teist Cepphus grylle

1371

4

2

-

6

1377

Ringdue Columba palumbus

32

-

2

-

2

34

Kattugle Strix aluco

1588

29

9

-

38

1626

Tårnseglar Apus apus

25

2

1

-

3

28

Dvergspett D. minor

33

-

3

-

3

36

Songlerke Alauda arvensis

158

-

1

1

2

160

Sandsvale Riparia riparia

1439

3

117

-

120

1559

Låvesvale Hirundo rustica

16743

52

803

7

862

17605 (7)

Taksvale Delichon urbica

589

-

8

-

8

597

Trepiplerke Anthus trivialis

543

-

14

-

14

557

Heipiplerke Anthus pratensis

13428

103

911

197

1211

14639(10)

Skjærpiplerke Anthus petrosus

1037

-

1

1876

1877

2914

Linerle Motacilla alba

4010

31

43

24

98

4108

Sidensvans Bombycilla garrulus

1110

-

338

-

338

1448

Fossekall Cinclus cinclus

6817

171

11

-

182

6999

Gjerdesmett Troglo. troglodytes

4018

6

175

3

184

4202

Jernsporv Prunella modularis

7333

6

568

-

574

7907

Raudstrupe Erithacus rubecula

9661

16

450

1

467

10128

Blåstrupe Luscinia svecica 

286

-

6

-

6

292

Raudstjert Phoen. phoenicurus 

394

6

6

-

12

406

Buskskvett Saxicola rubetra

1708

5

33

-

38

1746

Steinskvett Oenanthe oenanthe

414

9

1

1

11

425

Svarttrast Turdus merula

5250

33

477

5

515

5765

Gråtrast Turdus pilaris

5797

84

134

-

218

6015

Måltrast Turdus philomelos

2612

32

77

-

109

2721

Raudvengtrast Turdus iliacus

16311

80

1082

-

1162

17473 (8)

Grashoppesongar Loc. naevia

7

-

1

-

1

8

Sivsongar Acroc. schoenobaenus

387

5

42

-

47

434

Myrsongar Acroceph. palustris

3

-

4

-

4

7

Rørsongar Acrocep. scirpaceus

13

-

4

-

4

17

Gulsongar Hippolais icterina 

360

5

33

-

38

398

Hauksongar Sylvia nisoria

28

-

8

-

8

36

Møller Sylvia curruca

86

-

9

-

9

95

Tornsongar Sylvia communis

772

-

59

-

59

831

Hagesongar Sylvia borin

541

-

94

-

94

635

Munk Sylvia atricapilla

3515

-

751

-

751

4266

Gulbrynsongar P. inornatus

39

-

1

-

1

40

Bøksongar Phyll. sibilatrix

3

-

2

-

2

5

Gransongar Phyllosc. collybita

2453

6

257

-

263

2716

Lauvsongar Phyllosc. trochilus

39575

13

1471

1

1485

41060 (2)

Fuglekonge Regulus regulus

4959

-

148

-

148

5107

Gråflugesnappar Musc. striata

832

5

13

-

18

850

Svartkvit flugesn. F. hypoleuca

9542

416

45

-

461

10003

Stjertmeis Aegithalos caudatus

2336

-

129

-

129

2465

Lauvmeis Parus palustris

1613

-

79

-

79

1692

Granmeis Parus montanus

3928

-

96

-

96

4024

Toppmeis Parus cristatus

60

-

1

-

1

61

Svartmeis Parus ater

929

66

60

-

126

1055

Blåmeis Parus caeruleus

6607

178

529

21

728

7335

Kjøtmeis Parus major

18064

815

1224

46

2085

20149(6)

Spettmeis Sitta europaea

1173

60

32

-

92

1265

Trekrypar Certhia familiaris

533

5

27

-

32

565

Nøtteskrike Garrulus glandarius

43

-

5

-

5

48

Skjor Pica pica

357

2

7

-

9

366

Kråke Corvus corone cornix

379

39

227

1

267

646

Ramn Corvus carax

1280

-

3

-

3

1283

Stare Sturnus vulgaris

8685

107

50

71

228

8913

Gråsporv Passer domesticus

4670

-

475

44

519

5189

Pilfink Passer montanus

40

-

4

-

4

44

Bokfink Fringilla coelebs

6187

3

402

1

406

6593

Bjørkefink Fring. montifringilla

9135

-

329

14

343

9478

Grønfink Carduelis chloris

32040

4

3446

83

3533

35573 (3)

Grønsisik Carduelis spinus

10187

-

347

-

347

10534

Tornirisk Carduelis cannabina

27

-

1

1

2

29

Bergirisk Carduelis flavirostris

4730

-

38

37

75

4805

Gråsisik Caruelis flammea

55637

10

1611

-

1621

57258 (1)

Brunsisik Carduelis cabaret

646

-

196

-

196

842

Grankorsnebb L. curvirostra 

105

-

1

-

1

106

Rosenfink Carpodac. erythrinus

7

-

4

-.

4

11

Dompap Pyrrhula pyrrhula

3642

 -

109

-

109

3751

Kjernebiter Coc. coccothraustes

5

-

4

-

4

9

Gulsporv Emberiza citrinella

432

-

10

6

16

448

Sivsporv Emberiza schoeniclus

3981

1

116

-

117

4098

Totalt (219 artar,117 artar i 2002):

478685

3150

18176

5456

26782

505467

Tidlegare ringmerkt : Dvergdukkar Tachybaptus ruficollis 1, horndukkar Podiceps auritus 1, havhest Fulmarus glacialis 4250, havlire Puffinus puffinus 1, havsule Sula bassana 84, storskarv Phalacrocorax carbo 3, krabbehegre Butorides striatus 1, knoppsvane Cygnus olor 3, songsvane Cygnus cygnus 30, kortnebbgås Anser brachyrhynchus 2, tundragås A. albifrons 1, grågås A. anser 14, gravand Tadorna tadorna 19, brunnakke Anas penelope 10, bergand A. marila 1, toppand Aythya fuligula 2, havelle Clangula hyemalis 2, fjellvåk Buteo lagopus 165, musvåk Buteo buteo 2, fiskeørn Pandion haliaetus 1, kongeørn Aquila chrysaetos 13, jaktfalk Falco rusticolus  2, lerkefalk Falco subbuteo 1, lirype Lagopus lagopus 1, storfugl Tetrao urogallus 14, orrfugl Tetrao tetrix 3, vaktel Coturnix coturnix 1, fasan Phsanius colchicus 42, vassrikse Rallus aquaticus 8, sothøne Fulica atra 1, sivhøne Gallinula chloropus 9, trane Grus grus 1, dverglo Charadrius dubius 1, boltit Charadrius morinellus 4, tundralo Pluvialis squatarola 160, temmincksnipe C. temminckii 20, alaskasnipe C. melanotos 2, fjellmyrløpar Limicola falcinellus 4, rustsnipe Tryngites subruficollis 1, småspove Numenius phaeopus 55, dobbeltbekkasin Gallinago media 4, rugde Scolopax rusticola 51, sotsnipe Tringa erythropus 9, skogsnipe T. ochropus 5, grønstilk Tringa glareola 13, tjuvjo Stercorarius parasiticus 63, svømmesnipe Phalaropus lobatus 21, sildemåse Larus fuscus 615, makrellterne Sterna hirundo 1444, terner- S. hirundo/paradisea 4, lomvi Uria aalge 2970, alke Alca torda 344, alkekonge Alle alle 10, lunde Fratercula arctica 2921, tyrkerdue Streptopelia decaocto 5, bydue Columba livia var. domesticus 46, gauk Cuculus canorus 27, skjæregjøk Clamator glandarius 1, hubro Bubo bubo 2, snøugle Nyctea scandiaca 1, sporveugle Glaucidium passerinum 7, haukugle Surnia ulula 18, hornugle Asio otus 24, jordugle Asio flammeus 19, perleugle Aegolius funereus 55, vendehals Jynx torquilla 143, gråspett Picus canus 19, flaggspett Dendrocopus major 141, grønspett Picus viridis 8, kvitryggspett Dendrocopos leucotos 35, dverglerke Calandrella brachydactyla 1, fjellerke Eremophila alpestris 2, hybrid H. Rustica x D. urbica 2, tartarpiplerke Anthus novaeseelandiae 1, lappiplerke Anthus cervinus 4, gulerle Motacilla flava 27, vintererle Motacilla cinerea 2, nattergal Luscinia luscinia 1, svartstrupe Saxicola torquata 23, ringtrast Turdus torquatos 240, taigatrost Turdus ruficollis 1, elvesongar Locustella fluviatilis 2, starrsongar L. Certhiola 1, busksongar Acrocephalus dumetorum 1, fuglekongesongar Phylloscopus proregulus 1, viersongar P.schwarzi 1, dvergflugesnappar Muscicapa parva 1, lappmeis Parus cinctus 15, raudhalevarslar Lanius isabellinus 1, tornskate Lanius collurio 7, varslar Lanius excubitor 10, nøttekråke Nucifraga caryocatactes 4, kaie Corvus monedula 3, kornkråke C. frugilegus 1, stillits Carduelis carduelis 2, polarsisik Carduelis hornemanni 556, bandkorsnebb Loxia leucoptera 8, furukorsnebb L. pytyopsittacus 8, konglebit Pinicola enucleator 3, lappsporv Calcarius lapponicus 21, snøsporv Plectrophenax nivalis 89, hortulan Emberiza hortulana 2, dvergsporv Emberiza pusilla 7, sibirsporv Emberiza aureola 1.

 

Mottekne funn i 2002

Havsvale, Hydrobates pelagicus.
E401055 2K+ 26.09.2000 Ona, Sandøy, Møre og Romsdal
vR 12.09.2001 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane. 122 km SW. 0-11-16.

E404923 2K+ 12.08.1994 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
vR 19.07.2001 Eilean nan Ron, Highland, SKOTTLAND. 694 km SW. 6-11-7.

E524337 2K+ 13.08.2000 Flø, Ulstein, Møre og Romsdal
vR 17.07.2001 Ulsta, Shetland, SKOTTLAND. 432 km WSW. 0-11-4.

E409716 2K+ 08.08.1999 Ervik, Selje, Sogn og Fjordane
vR 14.07.2002 Fersness, Orkney, SKOTTLAND. 543 km SW. 2-11-6.

E525370 2K+ 27.08.2000 Ervik, Selje, Sogn og Fjordane
vR 26.08.2001 Faraid Head, Highland, SKOTTLAND. 670 km WSW. 0-11-29.

E525235 2K+ 10.08.2000 Ervik, Selje, Sogn og Fjordane
vR 28.08.2001 Faraid Head, Highland, SKOTTLAND. 670 km WSW. 1-0-18.

E403949 2K+ 24.08.1993 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane
vR 14.06.2002 Priest Island, Highland, SKOTTLAND. 739 km WSW. 8-9-20.

E409685 2K+ 01.08.1999 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane
vR 08.06.2002 Ponta de Almadena, Algarve, PORTUGAL. 2936 km SSW. 2-10-7.

E409951 2K+ 27.08.2000 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane
                      vR 27.07.2001 Skogsøy, Øygarden, Hordaland. 165 km S. 0-11-0.

E525431 2K+ 22.09.2000 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane
vR 27.07.2001 Skogsøy, Øygarden, Hordaland. 165 km S. 0-10-5.

E409680 2K+ 01.08.1999 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane
                      vR 23.07.2001 Eilean nan Ron, Highland, SKOTTLAND. 643 km WSW. 1-11-22.

E409878 2K+ 19.08.2000 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane
                      vR 15.07.2001 Stapnes, Eigersund, Rogaland. 412 km S. 0-10-26.

E760639 2K+ 09.08.2000 Lindesnes fyr, Lindesnes, Vest-Agder
vR16.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 513 km N. 1-1-7.

E204392 2K+ 07.09.2000 Hillesøy, Tromsø, Tromø
                      
vR15.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 953 km SW. 1-0-8.

E540841 2K+ 02.08.1996 Hernyken, Røst, Nordland
                       vR15.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 609 km SSW. 5-1-13.

E541670 2K+ 27.08.1996 Hernyken, Røst, Nordland
                       vR16.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 609 km SSW. 5-0-19.

E542525 2K+ 12.08.1999 Hernyken, Røst, Nordland
                       vR16.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 609 km SSW. 2-1-4.

E850411 3K+ 19.08.2001 Titran, Frøya, Sør-Trøndelag
vR 16.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 171 km SW. 0-0-28.
9981574 2k+ 19.08.2001 Skogsøy, Øygarden, Hordaland
                        vR 31.08.2001 Runde, Herøy, Møre og Romsdal. 212 km NNE. 0-0-12.
2476215 pull 12.09.1999 Mousa, Shetland, SKOTTLAND
London vR 10.08.2002 Riste, Sande, Møre og Romsdal. 432 km NE. 2-10-28.
2476070 pull 10.09.2000 Mousa, Shetland, SKOTTLAND
London vR 24.08.2002 Grasøyane, Ulstein, Møre og Romsdal. 460 km NE. 1-11-14.
2508129     2K+ 11.08. 1999 Fair Isle, Fair Isle, SKOTTLAND
London      vR 19.08.2000 Ervik, Selje, Sogn & Fjordane.
         
vR 22.07.2001 Kråkenes, Selje, Sogn & Fjordane.
            vR 04.09.2002 Golleneset, Nerlandsøy, Herøy, Møre og Romsdal. 499 km NE.3-0-16
2536998     2K+ 03.08.2001 Fair Isle, Fair Isle, SKOTTLAND
London      vR 08.08.2002 Ervik, Selje, Sogn & Fjordane. 465 km NE. 1-0-5.
2457156 2K+ 07.08.1995 Fair Isle, SKOTTLAND
London vR 30.07.2002 Golleneset, Nerlandsøy,Herøy, Møre og Romsdal.499 km NE.6-11-23
2521286 2K+ 18.07.2002 Brough of Birsay, Orkney, SKOTTLAND
London vR 17.08.2002 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane. 558 km NE. 0-1-0.
2431487 2K+ 17.08.2001 Isle of May, Fife, SKOTTLAN
London vR 30.07.2002 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane. 780 km NNE. 0-11-18.
2508129 2K+ 11.08.1999 Fair Isle, Fair Isle, SKOTTLAND
London vR 19.08.2000 Ervik, Selje, Sogn og Fjordane. 465 km NE.1-0-8.
vR 22.07.2001 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane. 454 km NE. 1-11-20.
2506336 2K+ 25.07.2000 Brough of Birsay, Orkney, SKOTTLAND
London vR16.09.2001 Erkna, Giske, Møre og Romsdal. 630 km NE. 1-1-22.
N01578 2K+ 19.06.2001 Mexilhoeira Grande, Faro, Portimao, PORTUGAL
Lisboa vR 31.07. 2002 Kråkenes fyr, Vågsøy, Sogn og Fjordane. 2930 km NNE. 1-1-12.

Toppskarv, Phalacrocorax aristotelis
260891 pull 19.07.1987 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
                      xg ca. 15.03.2002 Tungevåg, Selje, Sogn og Fjordane.33 km SSW. Ca.14-8-00.
286845 pull 17.07.2001 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
                       /?/ 02.04.2002 Bjørset, Molde, Møre og Romsdal. 84 km ENE. 0-8-15.
286848 pull 17.07.2001 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
                      + 09.10.2001 Søre Bjørnsund, Fræna, Møre og Romsdal. 80 km NE. 0-2-22.
SA04713 pull 20.07.1997 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
                       xg ca.15.07.2001 Leinøy, Herøy, Møre og Romsdal. 9 km SE. Ca. 3-11-25.

Gråhegre, Ardea cinerea
286920 pull(5) 07.06.2001 Folkestad, Volda, Møre og Romsdal
                      xif 04.04.2002 Vågstranda, Rauma, Møre og Romsdal. 85 km NE. 0-9-27.

Hønsehauk, Accipiter gentilis
CA17866 pull(3) 16.06.2001 Hareid kommune, Møre og Romsdal
                        xf 17.03.2002 Innvik, Stryn, Sogn og Fjordane. 63 km SSE. 0-9-1.

Tjeld Haematopus ostralegus
5112327 pull 26.06.1997 Nergarden, Ålesund, Møre og Romsdal
xg 03.07.2002 Sandsbukta, Fræna, Møre og Romsdal. 58 km NE. 5-0-7.
5111592 4K+H 08.07.1992 Runde, Herøy. Møre og Romsdal
xtf ca.30.06.2002 s.s. 9-11-22.
FA69742 3K+ 21.07.1997 Butterwick, Lincolnshire, ENGLAND
London xf 17.06.2002 Hildrestranda, Haram, Møre og Romsdal. 1132 km NNE. 4-10-27.

Storjo Stercorarius  skua
350091            pull 21.07.2001 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
                        xf 12.03.2002 Glücksburg, Schleswig-Holstein, TYSKLAND. 871 km SSE. 0-7-21.

Krykkje, Rissa tridactyla
690420 pull 22.06.1982 Vindfarholmen, Ørsta, Møre og Romsdal
                      x ca. 05.06.2001 Yttersida av Senja, Torsken, Troms. 924 km NNE. Ca. 18-11-13.

Siland, Mergus serrator.
345383 pull 04.08.1992 Eidsvatnet, Volda, Møre og Romsdal
+ 28.09.2001 Dimna, Ulstein, Møre og Romsdal. 43 km NW. 9-1-24.

Fiskemåse Larus canus
568770 pull 01.07.1983 Notholmane, Ålesund, Møre og Romsdal
v ca. 15.07.2002 Blindheim, Ålesund, Møre og Romsdal.
2 km N. Ca. 19-0-14.
5111526 pull 27.06.1992 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
xf 12.07.2002 Rake, Stryn, Sogn og Fjordane. 42 km E. 10-0-15.

Gråmåse, Larus argentatus.
4231709 3K 07.11.1999 Grønhaug, Herøy, Møre og Romsdal
xif 06.06.2002 Sauholmen, Giske, Møre og Romsdal. 36 km NE. 2-6-29
4126610 3K+ 03.08.1996 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal
                       x 23.03.2002 Godøya, Giske, Møre og Romsdal. 7 km WSW. 5-7-20.
4126841 pull 17.06.2000 Nordstrand, Giske, Møre og Romsdal
x 12.11.2001 Halsør, Vågsøy, Sogn og Fjordane. 77 km SW. 1-4-25.
FA24043  pull 05.07.1999 Skogsholmen, Lyngen, Troms
+ JEJ3 vvR 22.02.2002 Volda, Volda, Møre og Romsdal. 1040 km SW. 2-7-17.

Lunde, Fratercula  arctica
563310            2K+ 10.07.1980 Runde, Herøy, Møre og Romsdal
                        + 19.12.2001 Svinoy, FÆRØYANE. 614 km W. 21-5-9.

Sandsvale, Riparia riparia
London            1K 14.08.1999 Pogavie, Inchture, Tayside, SKOTTLAND
P038668          vRH 30.06 & 18.07.2002 Røysa, Vigra, Giske, Møre og Romsdal. 858 km NE.
2-11-4.

Låvesvale, Hirundo rustica
H739846 pull(5) 12.07.1999 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
                       vR F 13.09.2000 Tengesdal, Bjerkreim, Rogaland. 426 km S. 1-2-1.
1H00152 pull(4) 27.06.2000 Flø, Ulstein, Møre og Romsdal
                      vR 24.09.2000 Tengesdal, Bjerkreim, Rogaland. 434 km S. 0-2-27.
1H00184 pull(4) 29.06.2000 Ertesvåg, Ulstein, Møre og Romsdal
                      vR 08.09.2000 Tengesdal, Bjerkreim, Rogaland. 421 km S. 0-2-9

2H01676 1K 01.08.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
                        vR 07.09.2001 Purkebolsvatnet, Austrheim, Hordaland. 183 km SSW. 0-1-6.
1H00821 pull (2) 05.07.2001 Sundgot, Ulstein, Møre og Romsdal
vR 11.09.2001 Purkebolsvatnet, Austrheim, Hordaland. 175 km SSW. 0-2-6.
1H00853 pull (5) 10.07.2001 Osnes, Ulstein, Møre og Romsdal
                        xtf 30.07.2001 Ulsteinvik, Ulstein, Møre og Romsdal. 1 km NW. 0-0-20.
1H01418 1K 15.09.1999 Lerstadvatnet, Ålesund, Møre og Romsdal
xf 24.07.2002 Engli gård, Rindal, Møre og Romsdal. 174 km ENE, 2-10-9.

Skjerpiplerke, Anthus petrosus
2531907 2K 10.01.2001 Kingsnorth, Kent, ENGLAND
London vR 30.03.2002 Makkevika, Giske, Møre og Romsdal. 1274 km NNE. 1-2-20.

Linerle, Motacilla  alba
E997908          1K+ 22.08.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
                        x 26.05.2002 Vevling, Flora, Sogn og Fjordane. 108 km SW. 0-9-4.

Fossekall, Cinclus cinclus
EB17332 pull (4) 11.06.2001 Seljebotn, Stordal, Møre og Romsdal
                       vR F 02.11.2001 Stocksjön, Östergötland, SVERIGE. 634 km SE. 0-4-21.
8286521 pull (4) 01.07.2001 Holesætra, Stranda, Møre og Romsdal
vR M 07.12.2001 Gusums Bruk, Östergötland, SVERIGE. 668 km SE. 0-5-6.
EA12984 pull (5) 05.06.1996 Storebru, Volda, Møre og Romsdal
vR M 07.12.1997, 20.03.1999 & 07.06.2001 Skjebergdalen, Sarpsborg, Østfold. 418
km SE. Max 5-0-2. 418 km SE.
3E11852 M2K+ 20.02. 2000 Rämne, Håbol, Dalsland, SVERIGE
Stockholm vR M H 24.06.2001 & 13.06.2002 Vollset, Sunnylven, Stranda, Møre og Romsdal.
435 km NW. 
                         Max   2-3-23.
3E20893 F2K+ 10.11.2001 Älsebobäcken, Östergötland, SVERIGE
Stockholm vR F H 05.06.2002 Kaldhus, Tafjord, Norddal, Møre og Romsdal 618 km NW. 0-6-25.
3E15023 M1K 10.12.1999 Harlösa, Skåne, SVERIGE
Stockholm vR M H 02.06.2002 Tryggestad, Sunnylven, Stranda, Møre og Romsdal. 806 km NNW. 2-5-23.

Svarttrast, Turdus merula
7413283 pull(4) 19.05.2001 Rise, Hareid, Møre og Romsdal
xtf 26.10.2001 Westerdale, Highland, SKOTTLAND. 674 km SW. 0-5-7.
7423149 M1K 28.12.2001 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal
xif 15.04.2002 s.s. 0 km. 0
-3-17.
7413576 1K 23.08.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
                        sx 21.03.2002 ss. 0 km. 0-6-28.

Raudvengtrast, Turdus iliacus
8729622 1K 21.10.2000 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
+ 06.01.2002 Pardailhan, Herault, FRANKRIKE. 2111 km S. 1-2-15.
8277990 1K 06.12.2000 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
+ 17.02.2002 Talhinhas, Tras os Montes, PORTUGAL. 2317 km S. 1-2-11.
8A32386 1K 08.10.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal

                       xkf 12.01.2002 Barry, Tayside, SKOTTLAND. 818 km SW. 0-3-4.

Tornsongar, Sylvia communis
E904731 1K+ 02.09.2001 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
xwf 26.05.2002 Leira, Tustna, Møre og Romsdal. 141 km NE. 0-8-24.

Munk, Sylvia atricapilla.
E248292 M1K 12.08.2001 Vadstein, Volda, Møre og Romsdal
                       /?/ 10.10.2001 Nordfriesland, Schleswig-Holstein, TYSKLAND. 860 km SSE.
0-1-28.

Kråke,
Corvus corone cornix.
4231351 2K+ 06.05.2000 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
                      + 24.10.2001 Bjørnøy, Haram, Møre og Romsdal. 44 km NNE. 1-5-18.

Blåmeis, Parus caeruleus
E906515 pull (9) 03.06.2000 Alme, Hareid, Møre og Romsdal
xf 02.12.2001 Moan, Meldal, Sør-Trøndelag. 204 km ENE. 1-5-29.

Kjøtmeis, Parus major
E669297 pull(5) 08.06.1999 Aksla, Ålesund, Møre og Romsdal
xwf 07.04.2002 Ålesund, Møre og Romsdal. 1 km W. 2-9-29.

Spettmeis, Sitta europea
8810019 pull(7) 29.05.2001 Alme, Hareid, Møre og Romsdal
                       xkf 02.12.2001 Gursken, Sande, Møre og Romsdal. 23 km WSW. 0-6-3.

Bjørkefink, Fringilla montifringilla
1E72011 M2K+ 04.05.2001 Hovdebygda, Ørsta, Møre og Romsdal
                      xwf 11.06.2001 Melhus, Melhus, Sør-Trøndelag. 246 km ENE. 0-1-7.
E925850 M2K 26.04.2001 Lognavann, Åseral, Vest-Agder
                      vR M 04.05.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal. 408 km N. 0-0-8.

Grønfink, Carduelis chloris
8770093 F1K 31.10.1998 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
vR F 16.11.2001 Giljastølen, Gjesdal, Rogaland. 393 km S. 3-0-16.
8810870 M1K 27.10.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
xf (katt) 26.01.2002 Os, Os, Hordaland. 244 km S. 0-2-29.
8810686 F1K 09.10.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
xwf 15.01.2002 Figgjo, Sandnes, Rogaland. 397 km S. 0-3-6.
8832812 M2K 17.05.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
                      vR M 06.12.2001 Pepingen, Brabant, BELGIA. 1296 km S. 0-6-19.
8832431 M2K+ 16.05.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 27.10.2001 Lognavann, Åseral, Vest-Agder. 410 km SSE. 0-5-11.

8810850 F1K+ 27.10.2002 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
                      xwf 25.02.2002 Hornsea, Humberside, ENGLAND. 1008 km SSW. 0-3-28.
8770754 F1K 24.09.1999 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
xwf 07.01.2002 Højslev, Jylland, DANMARK. 667 km SSE. 2-3-13.
8692778 M1K 08.10.1997 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 31.10.1997 Ronekilen, Mandal, Vest-Agder. 488 km S. 0-0-23.
8564554 F1K 13.10.2000 Plassane, Hareid, Møre og Romsdal
vR F 08.11.2001 Bømyra, Randaberg, Rogaland. 373 km S. 1-0-25.
8832643 M1K 30.06.2001 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
                      xkf 01.03.2002 Austrått, Sandnes, Rogaland. 389 km S. 0-8-1.
8765630 M2K+ 05.08.2000 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal
vR M 01.11.2001 Pandrup, Jylland, DANMARK. 622 km SSE. 1-2-26.
8845263 1K 21.06.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
xkf 24.04.2002 s.s. 0-10-3.
8865068 1K+ 17.10.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
vR M 28.10.2001 Giljastølen, Gjesdal, Rogaland. 393 km S. 0-0-11.
8845624 1K+ 20.07.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
x 25.09.2001 ss. 0 km. 0-2-5.
8845643  M2K+ 09.09.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
                      vR M 11.10.2001 Giljastølen, Gjesdal, Rogaland. 393 km S. 0-1-2.
8853801 M1K+ 20.10.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
                      xf 29.01.2002 Havreneset, Flora, Sogn og Fjordane. 106 km SW. 0-3-9.
8853818 1K+ 20.10.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal
                      x 31.01.2002 Voiebyen, Kristiansand, Vest-Agder. 484 km SSE. 0-3-10.
8810335 F1K+ 18.10.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
vR F 11.12.2001 Giljastølen, Gjesdal, Rogaland. 341 km S. 0-1-23.
8806933 F2K+ 29.05.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
xwf 20.11.2001 Sig, Jylland, DANMARK. 709 km SSE. 0-5-21.

8806923 F2K+ 27.05.2001 Nordfjordeid, Eid,Sogn og Fjordane
x 02.02.2002 Sandnes, Sandnes, Rogaland. 339 km S. 0-8-5.
8806438 2K+ 25.04.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
                      xf 25.03.2002 Hestenesøyra, Gloppen, Sogn og Fjordane. 7 km S. 0-11-0.
8744930 M2K+ 30.03.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
vR M 10.11.2001 Westenschouwen, Zeeland, NEDERLAND. 1144 km S. 0-7-10.
8744903 M2K+ 20.03.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
vR M 30.01.2002 Leek, Groningen, NEDERLAND. 969 km S. 0-10-10.
8768028 F1K 19.10.1998 Finnvik, Tromsø, Troms
vR F 18.11.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal. 997 km SW. 3-0-29.
8809761 M2K+ 24.11.2001 Auglend, Stavanger, Rogaland
vR M 11.05.2002 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal. 399 km N. 0-5-17.
8757708 M 1K 04.10.2001 Auma, Tynset, Hedmark
vR M 15.10.2001 Barstadvik, Ørsta, Møre og Romsdal. 230 km W. 0-0-11.
8865255 F1K+ 11.07.2001 Vestby, Vestby, Akershus
                      vR F 08.12.2001 Torderød, Moss, Østfold. 22 km SSW. 0-4-27.
8771056 F2K+ 20.10.2001 Møklegård, Fredrikstad, Østfold
vR 13.04.2002 Djupedal, Selje, Sogn og Fjordane. 435 km NW. 0-5-23.
VX87477    M1K 22.10.2001  Fair Isle, Fair Isle, SKOTTLAND
London     vR M 08.10.2002 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal. 518 km NE. 0-11-16.
9V02840 M1K 08.11.2001 Blåvand, Oksbøl, Jylland, DANMARK
København vR M 24.04.2002 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal. 0-5-16.
81763911      M1K 01.11.2001 Helgoland, Helgoland, TYSKLAND

Helgoland      vR  M 03.04.2002 Kleppeåsen, Herøy, Møre og Romsdal. 903 km N . 0-5 28.
43V99603     M2K+ 27.11.2001 Pepingen, Brabant, BELGIA
Bruxelles       vR M 17.05.2002 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal. 0-5-20.



Grønsisik, Carduelis spinus.
2H31077 M1K 14.08.2001 Plassane, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 02.04.2002 Burnham, Norfolk, ENGLAND. 1090 km SSW. 0-7-18.
H837993 M3K+ 20.04.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
                       xf 01.03.2002 Mook, Limburg, NEDERLAND. 1180 km S. 0-10-11
1H03906 M2K+ 01.10.2000 Djupedal, Selje, Sogn og Fjordane
                       vR M 26.10.2000 Greifswalder, Rostock, TYSKLAND. 998 km SE. 0-0-25.
1H40490 M2K+ 03.05.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
vR M 21.02.2002 Wassenberg, Köln, TYSKLAND. 1201 km S. 0-9-18.
H715690 M2K+ 20.04.1999 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
                       vR 23.04.2000 Buflodgrenda, Trysil, Hedmark. 335 km E. 1-0-3.
H837103 F2K+ 13.03.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
                       vR F 13.02.2002 Dessau, Halle, TYSKLAND. 1181 km SSE. 0-11-0.
H837117 F2K+ 14.03.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
                       vR F 04.04.2002 Torderød, Moss, Østfold. 373 km SE. 1-0-20.
1H40857 M2K+ 22.05.2001 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
vR 03.11.2001 Pasaia, Guipuzcoa, SPANIA. 2130 km SSW. 0-5-11.
035208J          M1K 30.09.1998 Espoo, Uusimaa, FINLAND
Helsinki      vR M 13.10.2002 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal.1033 km WSW.4-0-13.
BM 79779 M2K 04.01.2001 Kärragården, Hornborgasjön, Västergötland, SVERIGE
Stockholm vR M 13.04.2001 Hovdebygda, Ørsta, Møre og Romsdal. 597 km NW. 0-3-9.
P927830 M2K+ 06.01.2002 Hazlehead, Aberdeen, Grampian, SKOTTLAND
London xwf 15.05.2002 Lillevannet, Ålesund, Møre og Romsdal. 761 km NE. 0-5-9.
R098046 F2K+ 09.03.2002 Thetford, Suffolk, ENGLAND
London vR 24.04.2002 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane. 1099 km NNE. 0-15.
S162193         M2K 01.02.2000 Ricany, Praha, TSJEKKIA
Praha             vR 27.05.2001 Ringdal, Hellesylt, Stranda, Møre og Romsdal. 1428 km NW, 1-3-26

Gråsisik, Carduelis flammea
2H75670 M2K+19.09.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 18.11.2001 Oosthoven, Antwerpen, BELGIA. 1228 km S. 0-1-29.
2H01875 1K 27.07.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 02.10.2001 Valle, LATVIA. 1236 km ESE. 0-2-5.
2H04249 1K 28.07.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
  vR M 14.09.2001 Eggegrund, Gävleborg, SVERIGE. 638 km E. 0-1-16.
2H75339 1K 16.09.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal
vR 18.10.2001 Nygrannas, Halland, SVERIGE. 683 km SE. 0-1-2.
H739168 1K 29.08.1998 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 06.05.2002 Falsterbo, Malmöhus, SVERIGE. 860 km SSE. 3-8-7.
1H04801 1K 18.07.2001 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
  vR F 02.10.2001 Rybachiy, Kaliningrad, RUSSLAND. 1169 km SE. 0-2-14.
2H27888 1K 08.08.2001 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
  vR 20.09.2001 Signilskär, Åland, FINLAND. 752 km ESE. 1-2-12.

2H27707  1K 01.08.2001 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
vR M 29.09.2001 Häradskär, Östergötland, SVERIGE. 765 ESE. 0-1-28.
H916986 M2K+ 25.08.2001 Skjongskaret, Giske, Møre og Romsdal
            vR 14.10.2001 Långholmen, Göteborg och Bohus, SVERIGE. 629 km SSE. 0-1-19.
H715901 1K 25.08.2000 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
vR F 24.10.2001 Enga, Trysil, Hedmark. 335 km E. 1-1-29.
H715690 M2K+ 20.04.1999 Nordfjordeid, Eid, Sogn og Fjordane
                       vR 23.04.2000 Buflodgrenda, Trysil, Hedmark. 335 km E. 1-0-3.
2H36317 F2K+ 08.08.2001 Finnvik, Tromsø, Troms
  vF 25.09.2001Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal. 1002 km SW. 0-1-17
H864215 M2K+ 23.09.2000 Nes, Bjugn, Sør-Trøndelag
vR M 16.09.2001 Grimstadvatnet, Hareid, Møre og Romsdal. 238 km SW.0-11-23.

Brunsisik, Carduelis cabaret
2H05757 1K 02.08.2001 Hovden, Hareid, Møre og Romsdal
vR 03.10.2001 Hartsö-Enskär, Södermanland, SVERIGE. 748 km ESE. 0-2
-1.

 

 

Hovedmeny
Startsida
Sesong 2006
Sesong 2005
Tidlegare år
Giske OS
Fokstumyra 2005
Ringmerkarar
Kontakt oss
Dokument/Nedlastingar
Siste obs. M&R og S&F


Vis observasjonar