Sunnmøre Ringmerkingsgruppe
 

GISKE OS HAR FÅTT NYTT STASJONSBYGG

Kjell Mork Soot

Litt historikk: Allereie i 1958 tok Per Steinar Myklebust til orde for at det burde opprettast ein ornitologisk stasjon på kysten av Sunnmøre. Men det skulle gå nærmare 15 år før dette var ein realitet. I løpet av 1960-åra oppdaga ornitologane på Sunnmøre at det faktisk fanst mykje fugl på andre stader enn på Runde. Vanskelege kommunikasjonar gjorde at det var ikkje så enkelt i dei dagar å reise rundt. Det var få ferjeavgangar, og bil var ikkje allemannseige. Likevel: Vigra peikte seg snart ut, og det blei arbeidt med å opprette ein stasjon der. Det blei fanga ein del fugl på Vigra, spesielt i Rørvikvågen. I ettertid ser ein at Rørvikvågen sin styrke var bekkasinar.Men det vidstrakte fjøreområdet der, gjorde at vadarane gjekk svært spreidt, så småvadarfangsten var ofte liten. Det var heilt i førstninga av denne epoken at det tilfeldigvis blei oppdaga at vadefuglane var aktive ved fjøre sjø om natta også: Alv Ottar Folkestad og underteikna overnatta i eit telt og hadde opp nett i fjøra. For sikkerheits skuld blei netta kontrollerte om natta også, og til vår forundring fekk vi, etter dei dagars mål, ein heil del sandlo og myrsnipe. Dette viste tydeleg at vadarane var aktive om natta ved fjøre sjø. Etter det er nattfangst av vadarar blitt vanleg her hos oss.

Ein haustnatt i 1970, då fangsten i Rørvikvågen var svært dårleg , tok Alv Ottar Folkestad og Odd Einar Fjørtoft ferja til frå Vigra til Giske. (Dette var lenge før dei undersjøiske tunnellane kom.) Dei hamna ute i Makkevika, og då var det gjort. I mørket såg dei ikkje så mykje, men dei høyrde at det var store mengder fugl der. Det var ikkje lenger spørsmål om kvar beste fangstlokaliteten var. Karane tok første ferja tilbake til Vigra og henta utstyret. Sidan det er det i Makkevika vadarfangsten har føregått.

Første åra var det å bu i telt der ute. Seinhaustes 1972 blei det kjøpt inn ei moelvenbrakke til stasjonsbygning i Makkevika. Ho stod på forskjellige stader og gjorde absolutt sin nytte, heilt til ho blei riven seint på året i 2001 og send på fyllinga.Siste åra var brakka heller sjabby, der vinden bles tvers igjennom. Ein av ringmerkarane våre, som overnatta der, vakna av at ei mus sprang over ansiktet hans. Om morgonen oppdaga han at mysene hadde forsynt seg godt av nista hans som låg i ryggsekken på golvet !

Litt frå brakka er der igjen i nyestasjonen: Ei innerdør er brukt i den nye stasjonsbygninga. Dessutan nytta vi oppatt isolasjonen som var i bygget.

Det var Ornitologisk Stasjon Vigra som dreiv stasjonen i Makkevika frå 1970 til 1983 (under OUM – Ornitologiske undersøkingar i Møre og Romsdal frå 1981). Av ulike grunnar blei det ikkje drive ringmerking i dei neste fem åra. Noko av det viktigaste var prekær mannskapsmangel, sidan mange av dei ivrigaste medlemmene flytte ut av fylket på permanent basis. Først i 1989 kom fangsten igang igjen og då i regi av Sunnmøre RG, som opphaveleg heitte Hareid RG. Denne gruppa besto frå først av berre av hareidingar, men etter kvart var mange andre frå Sunnmøre og Nordfjord blitt med. Frå 1989 av gjekk dei to gjenverande ringmerkarane under OUM på Sunnmøre saman med Hareid RG sine 15 medlemmer til ei nydanna ringmerkingsgruppe som frå då av blei kalla Sunnmøre RG. I starten av 2004 har vi 28 medlemmer.

Den nye stasjonsbygninga:

Det var Tore Chr. Michaelsen som tok på seg å søkje Fylkesmannen om midlar til ei ny stasjonsbygning. Vi la ved søknaden ei teikning av den planlagde stasjonsbygninga. Svaret vi fekk, var positivt. Vi fekk 50 000 kroner, men måtte lage eit heilt anna bygg enn vi hadde planlagt, ein så kalla open gapahuk, som skulle byggjast etter gammal stil. Vi blei litt skeptiske, for dette verka så spesielt. Men forstod med ein gong at skulle vi få den etterlengta stasjonsbygninga, var det berre å bli med på leiken. Kultursjefen i Giske kommune, Leslie Bjørklund, teikna bygget, som var 9 meter langt og 5 meter breidt.

15.november 2001 begynte vi med arbeidet i løa til Leslie (på Roald, Vigra). Denne dagen kom ein lastebil med alt tømmeret vi hadde bestilt. Vi oppdaga fort at vi var kjempeheldige som kunne gjere alt førebuande arbeid inne, for ute storma og bles det, og det snøa, sludda, hagla og regna om einannan. Det var fem mann som gjorde klart heile reisverket inne: Petter B. Folkestad, Lars Petter Folkestad, Torbjørn Hasund, Stian Moldskred og underteikna. Først tappa vi hol i rundtømmeret med hammar og hoggjern, og skar også ut spor for kraftige reimar i toppen og nede ved golvet. Så var det å setje opp heile reisverket, og vi var glade for at låven til Leslie var så stor at vi fekk plass til heile bygget. Alt som kunne gjerast klart, gjorde vi ferdig. Vi saga også opp fjølene til veggane. Petter leia arbeidet, og hadde hatt ansvaret for bestilling av rundtømmer, bjelkar og fjøler frå sagbruket på Sjøholt. Mengda var skikkeleg bra berekna . Lite gjekk til spille. Vi fann fort ut at det var flott å ha ein erfaren snekkar i gruppa. Utan Petter aner vi ikkje korleis det hadde gått !

Då bygninga var ferdig oppsett på låven til Leslie, tok vi henne ned igjen, slik at materialane skulle vere klar til å sendast til Makkevika med lastebil når tida var inne. Vi stakk ut stasjonstomta ca. 20 meter frå der den gamle brakka stod. Grunneigaren, Ketil Giske , var med på det. Vi grov ut tomta for hand, for å rote minst mogeleg. Første dagen måtte vi moke snø før vi kunne begynne med gravinga. Vi heldt i mange dagar på å grave dei 16 hola for stenderane (rundtømmeret), og planere ut tomta elles. Den 19. februar kunne vi endeleg fylle betong i hola. Leslie hadde laga kraftige jern som vi støypte fast i betongen og seinare skrua fast i stenderane. To dagar etter kom materialen på plass, og byggjearbeidet kunne så smått ta til. Fleire medlemmer kom til for å hjelpe til med arbeidet: Stein Inge Refvik, Karl Johan Grimstad, Vidar Kalland, Tore Chr. Michaelsen og Sveinung Remøy. Og vi er skikkeleg fornøygde med sluttresultatet: Bygget fell fint inn i omgjevnadene. Det står vendt med ”baugen” mot sørvest, og frå ringmerkingsrommet har vi god oversikt over heile Makkevika. Huset er skikkeleg solid. Vi trur dei fleste husa på Giske fer med vinden før stasjonsbygget gir seg. Leslie laga til store mengder med tretjøre som vi impregnerte huset med, også inne i den fem meters lange opne gangen, så no er huset klart til å stå i mot det ofte ekstreme veret vi har ytst på Giske. Vindforholda, der stasjonsbygninga står, er nok ikkje noko særleg annleis enn det vi finn på Stadt, 50 km lenger sør.

Elles er det planlagt at Fylkesmannen skal ha opplysningstavler om Giske Naturreservat inne i den opne gangen på bygget.

Ringmerking:

Sidan ringmerkinga begynte i Makkevika i 1970, er to artar ringmerkt for første gong i Noreg der . Det er skjorgauk og dverglerke, sjølv om Giske OS først og fremst er ein vadarstasjon. Andre sjeldne artar som er ringmerkt der, er alaskasnipe (to individ) og rustsnipe (1). Av meir småsjeldne vadarartar som er blitt ringmerkte , kan nemnast dverglo, fjellmyrløpar, temmincksnipe, sotsnipe, gluttsnipe og svarthalespove. No for tida satsar vi på artar som vi har sjanse til å fange inn ein del av, og som det er lite ringmerking av i Noreg, og dermed liten kunnskap om : tundralo, sandlo, dvergsnipe, tundrasnipe, brushane og lappspove. Vi vil etter kvart prøve oss meir på enkeltbekkasin og kvartbekkasin, og har begynt å fundere på korleis vi kan få fanga inn ender, som det periodevis er mykje av i Makkevika.

Einaste sporvefuglen vi har planar om å satse på, er skjerpiplerka. Medan vi bygde stasjonsbygninga på etterjulsvinteren og våren 2002, ekspementerte vi med forskjellige fangstmetodar for å sjå om vi kunne finne ei effektiv måte å fange inn den arten på. Og det lukkast vi med. I løpet av 2002 og 2003 har vi fanga og ringmerkt over 3800 skjerpiplerker. Tidlegare er det i Noreg vanlegvis blitt ringmerkt rundt 100 skjerpiplerker totalt pr år.

Dei vadarartane som Giske OS prosentvis har ringmerkt mest av , er sandlo (ca.52 % av totalen i Noreg), tundralo (ca.48 %), dversnipe (ca.39 %), brushane (ca. 30 % ), heilo (ca.28 %) og tundrasnipe ( ca.27 %).

Hovedmeny
Startsida
Sesong 2006
Sesong 2005
Tidlegare år
Giske OS
Fokstumyra 2005
Ringmerkarar
Kontakt oss
Dokument/Nedlastingar
Siste obs. M&R og S&F


Vis observasjonar