Innleiing: Blåstrupen har for oss sunnmøringar alltid verka litt spennande. Kanskje kjem det av at bestanden her ute ved kysten er liten, og det har nærmast vore eit storhende om ein blåstrupe blei sett, eller fanga i nett for ringmerking. Det skjulte livet hans, (med unntak av nokre få veker i hekkesesongen der hannen gjer mykje ut av seg i songperioden,) og at ein veit lite om kvar fuglane reiser til vinterstid, gjer fuglen endå meir spennande. Interessa for blåstrupen har tydelegvis lege latent hos enkelte av oss i Sunnmøre Ringmerkingsgruppe, for då Stein Erik Busengdal hausten 2001 skreiv i ”Sunnmørsposten” om fleire reirfunn av blåstrupe i Stordal på Indre Sunnmøre, tok vi straks kontakt med han for å få nærmare orientering. Dette førte til at vi året etter starta med kartlegging av blåstrupen på Indre Sunnmøre og Nordfjord. I 2003 brukte vi store delar av vårsesongen og sommarsesongen til å fange revirhevdande hannar og ringmerke ungar i Stordal og Norddal kommunar på Sunnmøre og Hornindal i Nordfjord. Vi brukte svært mykje tid, men likevel blei berre 30 vaksne og 38 ungar ringmerkte.
KJG hadde eit tidlegare år vore til Fokstumyra i august og lagt merke til store mengder av blåstrupe der. Då han 17. august 2003 igjen var på tur der, like utanfor grensa til reservatet, vest for Vålåsjøen, la han merke til mykje blåstrupe der også. Vi hadde på førehand avtalt at såg han blåstrupe i brukbart antal der, skulle han ta kontakt. Og det blei gjort. Han ringde meg (KMS) om formiddagen og vi blei samde om at eg skulle ta med nett og ringmerkingsutstyr og straks reise til dit han var. Eg var framme ca. 5 timar etter, utpå ettermiddagen, etter reise med bilferje og 240 km med bil. Trass i sterk bris og skarpt solskin fanga vi 22 blåstrupar på eit par timar. Dette gjorde at vi neste helg drog austover igjen for å prøve ut fangstplassen . Då blei 66 blåstrupar ringmerkte. Totalt blei det fanga 166 fuglar på desse dagane.
Dette var så godt resultat at vi søkte Fylkesmannen i Oppland om fangstløyve i sjølve reservatet. Vi fekk avslag, men søkte så Dovre Fjellstyre, Joramo Bygdealmenning og grunneigaren på Fokstugu gard, Laurits Sønstebø, om løyve til å drive med kartlegging og fangst av blåstrupe m.m. utanom reservatgrensene. Vi fekk løyve frå alle, og arbeidde ein
del i mai 2004 rundt om, utan noko særleg resultat. 11 blåstrupe, 1 møller og 10 lauvsongar blei fanga inn for ringmerking, men vi konstanterte at blåstrupen hekka mange stader utanfor reservatgrensene. Med tanke på haustfangst av blåstrupe fekk vi løyve av Laurits Sønstebø til å fange på Fokstugu gard, i eit område like utanfor reservatet, men der vierkrattet verkar like bra som i sjølve reservatet, sjølv om dette krattet er sauebeite kvart år. Fangsten der var ein ubetinga suksess. Totalt blei 3072 fugl fordelt på 38 artar fanga på Fokstugu , i tidsromet 03. august til 07. oktober. Med to unntak ringmerkte vi meir blåstrupe der enn det totalt er blitt ringmerkt i heile Noreg på ein sesong, og då er også reirungar medrekna. Laurits Sønstebø var svært hjelpsam med å skaffe oppdatert litteratur innan ornitologi og planter som omhandlar Fokstumyra, og vi er svært takksame for verdifull hjelp.
Vi la straks merke til at kjennskapen til fuglelivet, spesielt sporvefugl, er mangelfull i Fokstumyrområdet. I løpet av sesongen er 10 nye artar registrerte for Fokstumyra. Vi går då utifrå den siste oppdaterte lista til Thor Østbye.
Plantene er tydelegvis betre kartlagde. Vi påviste berre ei ny plante. Meir om dette seinare.
Frå 03.august til 17.september fanga KJG og KMS i 25 ulike dagar. 06.og 07. oktober var det TCM og KMS som gjorde feltarbeidet. Tid brukt til feltarbeid dei enkelte dagane varierer sjølvsagt. Vi kunne fange eit par kveldstimar når vi kom, eller berre formiddagen den dagen vi reiste. Verforholda med nedbør eller sterk vind gjorde sjølvsagt sitt til at det enkelte dagar var vanskeleg med fangst. Beste dagane var 06. august med 309 ringmerkte og 04. august med 276 ringmerkte.
RINGMERKING AV FUGLAR VED VÅLASJØEN 2003.
Sesongen 2003 var eit prøveår som ga meirsmak med tanke på blåstrupen. Vi (KJG, KMS) fanga mellom den nordaustlege grensa av Fokstumyra og Vålåsjøen ( UTM: NQ 190-922). 17.08 og 23 –24.08.2003:
Heipiplerke, Anthus pratensis 4
Jernsporv, Prunella modularis 2
Raudstrupe, Erithacus rubecula 2
Blåstrupe, Luscinia svecica 88
Gråtrost, Turdus pilaris 1
Raudvengtrost, Turdus iliacus 2
Sivsongar, Acrocephalus schoenobaenus 1
Lauvsongar, Phylloscopus trochilus 5
Kjøtmeis, Parus major 1
Gråsisik, Carduelis flammea 40
Brunsisik, Carduelis cabaret 2
12 artar, til saman 166
Krikkand , Anas crecca 1
Sporvehauk, Accipiter nisus 1
Enkeltbekkasin, Gallinago gallinago 2
Perleugle, Aegolius funereus 1
Trepiplerke, Anthus trivialis 11
Heipiplerke, Anthus pratensis 479
Gulerle, Motacilla flava 1
Gjerdesmett, Troglodytes troglodytes 5
Jernsporv, Prunella modularis 138
Raudstrupe, Erithacus rubecula 117
Blåstrupe, Luscinia svecica 845 + 11
Raudstjert, Phoenicurus phoenicurus 18
Buskskvett, Saxicola rubetra 1
Steinskvett, Oenanthe oenanthe 2
Svarttrost, Turdus merula 4
Gråtrost, Turdus pilaris 13
Måltrost, Turdus philomelos 13
Raudvengtrost, Turdus iliacus 33
Sivsongar, Acrocephalus schoenobaenus 1
Møller, Sylvia curruca 6 + 1
Hagesongar, Sylvia borin 5
Munk, Sylvia atricapilla 8
Gransongar, Phylloscopus collybita 19
Lauvsongar, Phylloscopus trochilus 536 + 10
Fuglekonge, Regulus regulus 5
Svartkvit flugesnappar, Ficed. hypoleuca 5
Granmeis, Parus montanus 20
Blåmeis, Parus caeruleus 7
Kjøtmeis, Parus major 15
Pilfink, Passer montanus 2
Bokfink, Fringilla coelebs 5
Bjørkefink, Fringilla montifringilla 22
Grønfink, Carduelis chloris 1
Grønsisik, Carduelis spinus 3
Gråsisik, Carduelis flammea 192
Brunsisik, Carduelis cabaret 101
Polarsisik, Carduelis hornemanni 1
Rosenfink, Carpodacus erythrinus 2
Sivsporv, Emberiza schoeniclus 43138 artar, til saman 3072 + 22*
* 22 fuglar fordelt på tre artar blei i slutten av mai ringmerkt ved Nordsætri og på vestsida av Vålåsjøen.
KOMMENTARAR TIL ARTSLISTE OG RINGMERKINGSLISTER:
Lista til Thor Østbye ( TØ) blir brukt som grunnlag. Hans kommentarar er skrivne i kursiv. Våre opplysningar kjem i vanleg skriftform. Observatørar: KJG = Karl Johan Grimstad. TCM = Tore Chr. Michaelsen. KMS = Kjell Mork Soot. Laurits Sønstebø = LSØ.
Kortnebbgås, Anser brachyrhynchus.
Sjølv om det er godt kjent at kortnebbgåsa trekker gjennom Gudbrandsdalen, skal ikkje denne arten vere konstantert på Fokstumyra tidlegare, for den er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt. Eitt individ hadde tilhald på markene på Fokstugu gard frå 16.09.2004. Dette individet verka lite sky. Fuglen var kanskje svekka eller sjuk (KJG, TCM, KMS, LSØ). Dette individet forsvann først då sauene blei tatt inn for vinteren 08.10 (LSØ). Eit anna individ dukka opp rundt 25.09, og helt seg i lag med det andre individet i nesten ei veke. (LSØ).
Hønsehauk, Accipiter gentilis.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Ei stor hoe, alder ukjend, flaug inn i eitt av fangstnetta på Fokstugu 07.10.2004 Fuglen kom seg ut like før vi nådde fram til nettet. (TCM, KMS).
Sporvehauk, Accipiter nisus.
TØ: Arten observert en gang, 28.08.1997.
05.09.2004 blei eitt individ fanga og ringmerkt. Arten blei sett fleire gongar både før og etter ringmerkinga. Om det var same individ, er usikkert. (KJG, KMS).
Sivhauk, Circus aeruginosus.
TØ: I 2002 ble sivhauk for første gang sett på myra og flere observasjoner ble gjort av arten. 1 hunn den 5.6., 1 hann ved Storrtj. 9.6., 1 par ved observasjonstårnet den 12.6 og 1 hann 29.7.
1 ungfugl observert på vestsida av Vålåsjøen, 23.08.2003 (KJG, KMS).
Ringdue, Columba palumbus.
TØ: Sjelden streifgjest på selve Fokstumyra. 1 skadet individ på Nysætervegen i 1952, 1 individ S. Langmyre i 1988, 3 individer ved Lesjabekk og Kringlottj. i 1989 og 2 individer ved S. Horrtjern i 2002.
Frå 04.08 til 15.08.2004 observerte vi opp til 10 ringduer samtidig på Fokstugu. Dei var ikkje å sjå etter sistnemnde dato (KJG, KMS).
Perleugle, Aegolius funereus.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Eitt individ blei fanga i nett på Fokstugu og ringmerkt 06.10.2004. Etter ringmerkinga blei eitt individ sett ved netta, sannsynlegvis eit anna. (TCM, KMS, LSØ).
Sandsvale, Riparia riparia.
TØ: Meget sjelden på trekk. I 1964 ble 1 individ sett ved Fokstugu stasjon. Arten ble også observert i 1970, 1971 og 1987.
29.05.2004 blei ein mindre flokk på ca. 10 individ observert på vestsida av Vålåsjøen. (KJG, KMS).
Låvesvale, Hirundo rustica.
TØ: Arten nevnes som vanlig ved fjellstuene på Dovre rundt 1854-57. Så går det over 100 år før arten igjen nevnes på Fokstugua med 3 observasjoner på opptil 5 individer i 1964. Arten også observert i 1970 og 1971. 1 par hekket på Fokstugu gard i 1988 og 1989 og arten jaktet på insekter ute på myrene.
29.05.2004: Fleire individ i lag med sandsvaler på vestsida av Vålåsjøen. 09.08.2004: 1 par ved Fokstugu stasjon (KJG, KMS). Eit uvanleg seint individ (ungfugl) observert 07.10.2004 ved fangstplassen på Fokstugu (TCM, KMS).
Trepiplerke, Anthus trivialis.
TØ: Sjelden. Flere syngende hanner hørt i fjellbjørkeskogen sør for myra i 1942. I perioden 1986-88 ble 1-3 hanner hørt syngende hvert år.
2004: I tidsromet 06.08- 04.09 blei 11 individ fanga og ringmerkt. 7 av desse blei fanga 13-15.08. (KJG, KMS).
Heipiplerke, Anthus pratensis.
TØ: Allerede på 1800-tallet var arten meget vanlig, og har siden vært en av de vanligste spurvefuglene ute på Fokstumyra.
2004: Opplysningane over kan heilt klart bekreftast. Totalt blei 479 individ ringmerkte. I tillegg blei ein fugl med belgisk ring kontrollert. Fuglen gjekk jamt i netta i heile august, med ein tydeleg auke i slutten av månaden. Største trekkdagane var 11.09 og 12.09 med henholdsvis 86 og 98 ringmerkte fugl. På desse dagane var det store mengder med heipiplerke å sjå over alt, både som rastande og forbitrekkande. Det går tydelegvis eit stort trekk av heipiplerke over Fokstumyra i august og i det meste av september. (KJG, KMS). 07.10 blei berre 1 individ fanga. Under 10 individ blei då observert. (TCM, KMS).
Gjerdesmett, Troglodytes troglodytes.
TØ: Arten observert en gang, 13.04.2001.
To individ blei fanga og ringmerkt på Fokstugu 18.09.2004, i tillegg blei eitt individ sett ved driftsbygninga på garden. Den 07.10.2004 blei tre individ fanga og ringmerkt. (KJG, TCM, KMS).
Dette tyder på at det går eit lite trekk av gjerdesmett over Fokstumyra om hausten.
Jernsporv, Prunella modularis.
TØ: Hekker spredt i de største vierkrattene med innslag av spredte bjørketrær. Første reirfunn gjort i 1907, og arten nevnes som vanlig hekkefugl i 1929 og 1930.
2004: Fanga nesten dagleg i netta i mindre mengder. Totalt blei 138 jernsporvar ringmerkte. Klart beste fangstdag var 11.09 med 49 individ. (KJG, KMS). Det er tydeleg at det foregår eit visst trekk av arten over Fokstumyra, og at kratta på og ved Fokstugu tener som rasteplass.
Raudstrupe, Erithacus rubecula.
TØ: Arten nevnes som vanlig på vårtrekket av Barth i 1964. Ingen observasjoner foreligger siden av arten.
2004: Sporadisk blei enkeltindivid fanga i heile august, totalt berre 7, og dei fleste i ungfugldrakt. I september var det heilt tydeleg større aktivitet i samband med trekket. Beste dagen den månaden var18.09 med 15 individ. (KJG, KMS). 07.10 var ein eksepsjonell trekkdag for den arten. Då vi ankom fangstplassen før det var lyst, kunne knitringa av raudstrupen høyrast overalt rundt om i vierkratta . Heile 63 individ blei fanga den dagen, og det utan bruk av lokkelyd. (TCM, KMS). Dette kan tyde på at store mengder av raudstrupe passerer Fokstumyra på hausttrekket, og at dei brukar området som rasteplass.
Blåstrupe, Luscinia svecica.
Denne arten er vanleg hekkefugl i og ved Fokstumyra, og er grunnen til at vi starta med fangst og ringmerking på Fokstugu. Fangsten i august 2003 på vestsida av Vålåsjøen, ga grunn til optimisme (88 ringmerkt), men sesongen 2004 på Fokstugu var over all forventning. 845 blåstrupar fekk ring (KJG, KMS). I tillegg blei 11 hannar fanga i mai ved Vålåsjøen og Nordsætri. Berre to gongar er det totalt ringmerkt meir enn dette i heile Noreg på eitt år, i 1992 (902) og 1999 (942).
Blåstrupen nyttar heilt klart vierområda i og ved Fokstugu til rasteområde. Ein del gamle fuglar nyttar også kratta der til myteområde.
Svarttrast, Turdus merula.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Fire individ blei ringmerkt 07.10.2004 på Fokstugu, og fleire andre individ blei sett same dagen. Også kvelden før blei arten observert. (TCM, KMS). Det verkar som om ein del svarttrast passerer Fokstumyra om hausten, sannsynlegvis frå austlegare hekkeområde, m.a. frå Sverige og Finland, på veg til vinterkvartera i m.a. Storbritannia.
Gråtrast, Turdus pilaris.
Fleire tusen passerte Fokstugu 07.10.2004 (TCM, KMS).
Raudvengtrast, Turdus iliacus.
Utover kvelden den 06.10.2004 blei trekklyden til denne arten registrert heile tida over Fokstugu. Dagen etter passerte også mengder av arten. (TCM, KMS).
Sivsongar, Acrocephaluss scoenobaenus.
TØ: Det er gjort to observasjoner, og i begge tilfellene dreier det seg om 1 syngende hann, den 23.06.1950 og den 12.06.2002.
Fanga og ringmerkte 1 individ 24.08.2003 på vestsida av Vålasjøen. 1 individ fanga og ringmerkt på Fokstugu 09.08.2004 (KJG, KMS).
Hagesongar, Sylvia borin.
TØ: Kun to observasjoner foreligger for arten, 1 syngende hann i juni 1942 og i juni 1986.
I 2004 blei fem individ fanga og ringmerkt på Fokstugu, i tidsromet 11.08 til 05.09.2004.(KJG, KMS).
Munk, Sylvia atricapilla.
TØ: I 1988 ble 2 hanner hørt syngende i juni, ved Lyuhaugen og Nordsætri. Ellers ble arten funnet rugende ved Fokstugu i 1873.
I 2004 blei 8 individ fanga og ringmerkt i tidsromet 04.08 -18.09. Halvparten blei fanga i månadsskiftet august- september (KJG, KMS).
Gransongar, Phylloscopus collybita.
TØ: En observasjon fra 13.06.1994.
På Fokstugu blei første individet blei fanga og ringmerkt 05.09.2004. På alle fangstdagar etterpå blei arten fanga inn, med topp 18.09 med 10 individ. På siste fangstdagen vår, 07.10.2004, blei to individ fanga. Totalt blei 19 individ ringmerkt. (KJG, TCM, KMS). Det ser ut til å gå eit jamt trekk av denne arten over Fokstumyra om hausten. Trøndelag har ein svært god bestand av denne arten, så det er nærliggande å tru at mange av dei som passerer Fokstumyra, kjem derifrå.
Lauvsongar, Phylloscopus throchilus.
Dene arten samlar seg tydelegvis i store mengder i kratta rundt Fokstugu, som blir nytta både som myteområde og rasteområde. Hovudtrekket var tydelegvis over i løpet av første veka av august, men fangsten var brukbar fram til 21.08. Etter det minka fangsten merkbart, med få fuglar fanga i september. Siste lauvsongaren blei ringmerkt 19.09.
Fuglekonge, Regulus regulus.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Første individet blei observert på Fokstugu i slutten av september 1996 (LSØ). I 2004 blei fem individ fanga og ringmerkt på Fokstugu, det første 14.08. Nummer to blei fanga 18.09, og tre individ blei fanga 07.10 (KJG, TCM, KMS). Eit mindre trekk av fuglekonge ser ut til å passere Fokstumyra om hausten.
Granmeis, Parus montanus.
TØ: Arten er sporadisk sett i Fokstugu-området fra midten av 1800-tallet. Største antall som er notert er 30 individer den 22.07.1984.
I 2004 blei 20 individ fanga inn og ringmerkt i løpet av heile perioden 04.08 – 07.10. (KJG, TCM, KMS). Dette kan tyde på ein fast bestand i området.
Blåmeis, Parus caeruleus.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Sju individ blei fanga og ringmerkt 07.10.2004 på Fokstugu. Desse var fordelt på to flokkar. Fleire individ elles blei sett i området. (TCM, KMS). Hausten 2004 var det tydeleg invasjon av blåmeis over heile Sør-Noreg. Det er naturleg å rekne med at blåmeisene vi fekk var ein del av denne invasjonen.
Varslar, Lanius excubitor.
TØ: Arten ble observert ved Horrtjern i 1971 og 1972 og ved Nysæterundergangen i 1988.
07.10.2004: Eitt individ observert ved fangstplassen på Fokstugu (TCM, KMS).
Kjøtmeis, Parus major
TØ: Arten er kun observert med 1 individ, den 18.07.1983.
2003: 1 individ ringmerkt på vestsida av Vålåsjøen 23.08 (KJG, KMS).
2004: Totalt blei 15 individ fanga og ringmerkt på Fokstugu 06.08-07.10. (KJG, TCM, KMS). Fleire individ hadde tilhald i driftsbygninga på Fokstugu (LSØ i telefon 26.11.2004).
Pilfink, Passer montanus.
TØ: Arten var vanlig på Fokstugu i 1854 – 1857, men er siden ikke observert.
Ein flokk på minst fem individ observert 18.09.2004 ved fangstplassen på Fokstugu. To av desse blei fanga inn og ringmerkt.. (KJG, KMS).
Bokfink, Fringilla coelebs.
TØ: Barth nemner i 1964 at arten trekker gjennom området. 1 individ hørt syngende i 1971 0g 2 individer og 1 varslende hunn notert i området i 1984.
2004: Arten blei ikkje påvist før 10.september då to individ blei fanga. Dagen etter gjekk eitt individ i nettet. 07.10 blei to individ fanga (KJG, TCM, KMS). Dette skulle kunne vise at det om hausten går eit mindre trekk av bokfink over Fokstumyra.
Grønfink, Carduelis chloris.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Ei fullvaksen hoe blei fanga i nett og ringmerkt 18.09.2004 på Fokstugu (KJG, KMS).
Grønsisik, Carduelis spinus.
TØ: Arten er notert med 4 observasjoner fra 1970-1994, og for en av observasjonene i 1970 ble 1 flygedyktig unge sett.
I perioden 11.08-29.08.2004 blei tre individ ringmerkt på Fokstugu ( 1 hann og 2 ungfuglar). I same perioden blei totalt tre grønsisik sett (1 hann + 2 ungfuglar), langs vegen frå Fokstugu gard til Fokstugu stasjon. Om dette var andre fuglar enn dei som blei innfanga , er ukjent. (KJG, KMS).
Brunsisik, Carduelis cabaret.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Gråsisik blei for få år sidan spalta opp i gråsisik og brunsisik. På vestsida av Vålåsjøen fanga vi i 2003 inn 2 individ som var sikre brunsisikar. Vi var litt forundra fordi vi trudde at brunsisiken først og fremst var utbreidd ved kysten. I 2004 blei 101 brunsisikar ringmerkte på Fokstugu. 192 gråsisik blei ringmerkte. Ikkje klare brunsisikar skal definerast som gråsisik. Ein må derfor rekne med at ein del av desse var brunsisikar. Brunsisik fekk vi ein del av heile tida (04.08-07.10), men mest rundt midten av august. (KJG, KMS). Teikn kan tyde på at brunsisiken har etablert seg som hekkefugl i Fokstumyrområdet.
Polarsisik, Carduelis hornemanni.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. Eitt individ blei fanga og ringmerkt på Fokstugu 07.10.2004. (TCM, KMS).
Rosenfink, Carpodacus erythrinus.
Denne arten er ikkje nemnd i Thor Østbye si oversikt, og skulle derfor vere ny for Fokstumyra. To ungfuglar blei fanga og ringmerkte på Fokstugu henholdsvis 09.08 og 13.08.2004 (KJG, KMS, LSØ).
Dompap, Pyrrhula pyrrhula.
TØ: Er sporadisk sett i området. I 1987 sang 1 hann ved Kringlottjern, og i 1988 ble en hunn sett ved Nordsæterrandan.
07.10.2004 blei ein hann observert ved fangstplassen på Fokstugu (TCM, KMS).
Sivsporv, Emberiza schoeniclus.
2004:Sivsporven er heilt klart ein av karakterartane på Fokstumyra. Det gjekk ikkje ein dag utan at fleire sivsporvar blei fanga i nett. Fangsttala var som oftast tosifra. Totalt blei 431 individ fanga inn og ringmerkte. Beste fangsten var frå slutten av august til midten av september. Fleire gongar blei det då fanga nærmare 50 sivsporv pr.dag, og det utan bruk av lokkelyd. Dei enorme vierkratta i Fokstugu-området verkar tydelegvis svært tiltrekkande på sivsporven. Desse områda er viktige som rasteplass og myteplass for denne arten.
Takk:
Vi søkte Dovre Fjellstyre, Joramo Bygdealmenning og Laurits Sønstebø på Fokstugu om løyve til å drive med registreringar og fangst for ringmerking på deira eigedommar utanfor reservatgrensene. Vi blei møtt med stor velvilje, og vil hermed rette ei stor takk til desse. Utan deira positive haldning, hadde det ikkje vore mogeleg å kome i gang med dette prosjektet.
ETTERORD:
Arbeidet vårt med ringmerking på Fokstugu har påvist at store mengder av forskjellige fugleartar søkjer til dei enorme vierkratta i Fokstugu-området. Sannsynlegvis er der også mykje fugl rundt om i kratta elles også i reservatet. Det er eit paradoks at NSB sine hurtigtog rasar rett gjennom desse områda i stor fart (over 120 km/t?), der det til sine tider oppheld seg tusenvis av fugl. Desse fuglane kan vere hekkefugl, mytande fugl eller fugl som stoppar opp for å ”fylle opp tanken” før vidare trekk. Vi fann sjølve tårnfalk og lauvsongar som var drepne av tog ved Fokstugu stasjon. At raudreven var van med å leite etter fallvilt på jernbanelinja, såg vi meir enn ein gong der dyra systematisk undersøkte jernbanelinja. Toget er nok også med på å oppretthalde ein kunstig høg raudrevbestand, noko som sikkert ikkje er heldig for dei mange bakkehekkande artane i reservatet. Når vi så høyrer at ”raudlisteartar” som trane og myrhauk er tatt av toget, og karakterarten jordugle, kan ein begynne å lure på kva som er vitsen med eit reservat når slikt skjer. Det som i alle fall bør skje, er at NSB sine tog reduserer farten kraftig innanfor grensene til Fokstumyra Naturreservat. Det kan hindre mange påkjørsler. NSB likar gjerne å kalle seg miljøvennleg. Skal dei framleis ha det ordet på seg, bør dei gå kraftig ned i fart gjennom Fokstumyra. Vi trur at svært mange passasjerar til NSB, som trur dei reiser ”miljøvennleg”, ikkje aner noko om alle påkjørslane som toget er ansvarleg for.
Fokstumyra. Artsliste for fugl pr. 2004.
( Artar som tidlegare ikkje er nemnde for Fokstumyra, er understreka. )
Smålom, Gavia stellata.
Storlom, Gavia arctica.
Horndukkar, Podiceps auritus.
Gråhegre, Ardea cinerea
Knoppsvane, Cygnus olor.
Songsvane, Cygnus cygnus.
Dverggås, Anser erythropus.
Sædgås, Anser fabalis.
Kortnebbgås, Anser brachyrhynchus.
Brunnakke, Anas penelope.
Krikkand, Anas crecca.
Stokkand, Anas platyrhynchos.
Stjertand, Anas acuta.
Knekkand, Anas querquedula.
Skjeand, Anas clypeata.
Taffeland, Aythya ferina.
Ringand, Aythya collaris.
Toppand, Aythya fuligula.
Bergand, Assythya marila.
Havelle, Clangula hyemalis.
Svartand, Melanitta nigra.
Sjøorre, Melanitta fusca.
Kvinand, Bucephala clangula
Lappfiskand, Mergus albellus.
Siland, Mergus serrator.
Laksand, Mergus merganser.
Havørn, Haliaeetus albicilla.
Sivhauk, Circus aeruginosus.
Myrhauk, Circus cyaneus.
Enghauk, Circus pygargus.
Hønsehauk, Accipiter gentilis.
Sporvehauk, Accipiter nisus.
Musvåk, Buteo buteo.
Fjellvåk, Buteo lagopus.
Kongeørn, Aquila chrysaetos.
Fiskeørn, Pandion haliaetus.
Tårnfalk, Falco tinnunculus.
Dvergfalk, Falco columbarius.
Jaktfalk, Falco rusticolus.
Vandrefalk, Falco peregrinus.
Lirype, Lagopus lagopus.
Orrfugl, Tetrao tetrix.
Storfugl, Tetrao urogallus.
Vaktel, Coturnix coturnix.
Myrrikse, Porzana porzana.
Trane, Grus grus.
Tjeld, Haematopus ostralegus.
Sandlo, Charadrius hiaticula.
Boltit, Charadrius morinellus.
Heilo, Pluvialis apricaria.
Vipe, Vanellus vanellus.
Temmincksnipe, Calidris temminckii.
Myrsnipe, Calidris alpina.
Fjellmyrløpar, Limicola falcinellus.
Brushane, Philomachus pugnax.
Kvartbekkasin, Lymnocryptes minimus.
Enkeltbekkasin, Gallinago gallinago.
Dobbeltbekkasin, Gallinago media.
Rugde, Scolopax rusticola.
Småspove, Numenius phaeopus.
Storspove, Numenius arquata.
Sotsnipe, Tringa erythropus.
Raudstilk, Tringa totanus.
Gluttsnipe, Tringa nebularia.
Skogsnipe, Tringa ochropus.
Grønstilk, Tringa glareola.
Strandsnipe, Actitis hypoleucos.
Svømmesnipe, Phalaropus lobatus.
Fjelljo, Stercorarius longicaudus.
Hettemåse, Larus ridibundus.
Fiskemåse, Larus canus.
Sildemåse, Larus fuscus.
Gråmåse, Larus argentatus.
Raudnebbterne, Sterna paradisaea.
Ringdue, Columba palumbus.
Tyrkerdue, Streptopelia decaocto.
Turteldue, Streptopelia turtur.
Gauk, Cuculus canorus.
Snøugle, Nyctea scandiaca.
Haukugle, Surnia ulula.
Hornugle, Asio otus.
Jordugle, Asio flammeus.
Perleugle, Aegolius funereus.
Nattravn, Caprimulgus europaeus.
Tårnseglar, Apus apus.
Hærfugl, Upupa epops.
Vendehals, Jynx torquilla.
Dvergspett, Dendrocopos minor.
Songlerke, Alauda arvensis.
Fjellerke, Eremophila alpestris.
Sandsvale, Riparia riparia.
Låvesvale, Hirundo rustica.
Taksvale, Delichon urbica.
Trepiplerke, Anthus trivialis.
Heipiplerke, Anthus pratensis.
Lappiplerke, Anthus cervinus.
Gulerle, Motacilla flava.
Sørleg gulerle, M.f. flava.
Såerle, M.f. thunbergi.
Linerle, Motacilla alba.
Fossekall, Cinclus cinclus.
Gjerdesmett, Troglodytes troglodytes.
Jernsporv, Prunella modularis
Raudstrupe, Erithacus rubecula.
Blåstrupe, Luscinia svecica.
Raudstjert, Phoenicurus phoenicurus.
Buskskvett, Saxicola rubetra.
Steinskvett, Oenanthe oenanthe.
Ringtrost, Turdus torquatus.
Svarttrost, Turdus merula.
Gråtrost, Turdus pilaris.
Måltrost, Turdus philomelos.
Raudvengtrost, Turdus iliacus.
Grashoppesongar, Locustella naevia.
Sivsongar, Acrocephalus schoenobaenus.
Myrsongar, Acrocephalus palustris.
Gulsongar, Hippolais icterina.
Møller, Sylvia curruca.
Tornsongar, Sylvia communis.
Hagesongar, Sylvia borin.
Munk, Sylvia atricapilla.
Gransongar, Phylloscopus collybita.
Lauvsongar, Phylloscopus trochilus.
Fuglekonge, Regulus regulus.
Gråflugesnappar, Muscicapa striata.
Svartkvit flugesnappar, Ficedula hypoleuca.
Lauvmeis, Parus palustris.
Granmeis, Parus montanus.
Blåmeis, Parus caeruleus.
Kjøtmeis, Parus major.
Varslar, Lanius excubitor.
Skjor, Pica pica.
Kaie, Corvus monedula.
Kornkråke, Corvus frugilegus.
Kråke, Corvus corone cornix.
Ramn, Corvus corax.
Stare, Sturnus vulgaris.
Gråsporv, Passer domesticus.
Pilfink, Passer montanus.
Bokfink, Fringilla coelebs.
Bjørkefink, Fringilla montifringilla.
Grønfink, Carduelis chloris.
Grønsisik, Carduelis spinus.
Bergirisk, Carduelis flavirostris.
Gråsisik, Carduelis flammea.
Brunsisik, Carduelis cabaret.
Polarsisik, Carduelis hornemanni.
Grankorsnebb, Loxia curvirostra.
Rosenfink, Carpodacus erythrinus.
Dompap, Pyrrhula pyrrhula.
Lappsporv, Calcarius lapponicus.
Snøsporv, Plectrophenax nivalis.
Gulsporv, Emberiza citrinella.
Dvergsporv, Emberiza pusilla.
Sivsporv, Emberiza schoeniclus.
Grupper som vi så smått har starta med kartlegging av i Fokstumyrområdet. Vi vil halde fram med kartlegginga av desse gruppene i åra framover:
I tillegg til å bidra med våre opplysningar om fuglelivet, vil vi også kartlegge andre dyre-og plantegrupper i Fokstumyrområdet når det er høve til det. Listene under vil etter kvart bli kompletterte i åra framover:
Augestikkarar:
Fjellmetallaugestikkar Somatochlora alpestris
Fjellaugestikkar Aeshna caerulea
Sommarfuglar:
Fjellperlemorsvinge Boloria napaea
Myrgulvinge Coleas palaeno Delast i underartar, kan vere Ssp.synonyma
Neslesommarfugl Aglais urticae
Lav:
Fjellmessinglav Xanthoria borealis
Grynragg Ramalina polymorpha
Sotlav Umbilicaria havaasii
Frynseskjold Umbilicaria cylindruca
Vanleg navlelav Umbilicaria hyperborea
Vanleg steinskjegg Pseudephebe pubescens
Bikkjenever Peltigera canina
Grønnever Peltigera aphthosa
Gul stokklav Parmeliopsis ambigua
Grå stokklav Parmeliopsis hyperopta
Grått fargelav Parmelia saxatilis
Bristlav Parmelia sulcata
Gullroselav Vulpicida pinastri
Einerlav Vulpicida juniperinus
Smalt Islandslav Cetraria ericetorum
Bjørkelav Cetraria sepincola
17. Snøsyl Cladonia ecmocyna
Soppar:
Honningvokssopp Hygrocybe reidii
Kjeglevokssopp Hygrocybe conica
Gulvokssopp Hygrocybe chloropbana
Mønjevokssopp Hygrocybe miniata
Brunskrubb Leccinum scabrum
Planter (pga godt kartleggingsarbeid tidlegare, reknar vi med at vårt bidrag blir lite der):
Kransalge.
Matt glattkrans Nitella opaca . Dette er ein ny art for Fokstumyra. Funnen i bekken Løken heilt inn til turløypa.
Smågnagarar vil vi også starte opp med kartlegging av når nødvendige løyve er innhenta.
Vidare vil vi sjå nærmare på diverse grupper av insekt og mosar m.m.
Adresser:
Kjell Mork Soot |
Karl Johan Grimstad |
Tore Chr. Michaelsen |
Vi er alle tre medlemmer i Sunnmøre Ringmerkingsgruppe. Ringmerkingsgruppa har eiga heimeside, der også denne artikkelen blir lagd inn: www.fugler.com/srg