I 1984 blei Hareid Ringmerkingsgruppe stifta. I førstninga var det
med medlemmer berre frå denne kommunen, men etter kvart kom det med
folk frå andre delar av Sunnmøre, og jamvel frå Nordfjord.
Det blei ganske fort klart at namnet måtte forandrast, og det var heilt
naturleg at vi tok namnet Sunnmøre RG.
Samstundes som vi tok dette namnet, gjekk også dei gjenverande medlemmene av Vigra Ornitologiske Stasjon inn i gruppa. Desse hadde tidlegare m.a. drive vadarstasjonen Giske Ornitologiske Stasjon, der tusenvis av småvadarar var blitt ringmerkt (sjå eigen omtale av denne stasjonen). Vi starta opp Giske OS igjen same året som alle ringmerkarane på Sunnmøre var blitt samla i ei gruppe (1989).
Totalmerkingane til Sunnmøre RG, over en halv million er ringmerkte, er fuglar som dei noverande medlemmene i gruppa har ringmerkt gjennom heile sin aktive periode. Vi har valt å gjere det slik for å få ei viss oversikt over det som er gjort her i distriktet gjennom tidene. Eldste ringmerkaren vår begynte i 1950 og er framleis aktiv. Fem av medlemmene er busette i Sogn og Fjordane (tre i Nordfjord og to i Sogn). Dessutan studerer ein i Trondheim og ein medlem arbeider på Andøy flystasjon, Nordland. Vi har i år 28 medlemmer med lisens. Berre tre av ringmerkarane er kvinner.
Kjell Mork Soot (leiar)