CES Norge – prosjektet på Hareid i 2008.
Kjell Mork Soot, Stian Moldskred og Bjarte Røyset
Innleiing: Det første CES (Constant Effort Sites) - prosjektet i Europa såg dagens lys i Storbritannia i 1981. I dag har britane om lag 120 lokalitetar tilknytte dette prosjektet. Dei fleste landa i Europa er no komne i gang med denne form for overvaking, som Alf Tore Mjøs ved Ringmerkingssentralen ubeskjedent kallar ”Nordens beste overvåkingsprosjekt for fugl”. I dette ligg det ei målsetjing om eit samarbeid med CES-Sverige. Våre naboar i aust har drive sitt CES-prosjekt sidan 1996, eit samarbeid som på sikt er ei naturleg utvikling sidan det i stor grad er dei same fuglebestandane vi har på tvers av landegrensene.
Våren 2008, 27 år etter starten i Storbritannia, lanserte Ringmerkingssentralen dette prosjektet i Noreg, og håpet var at enkelte grupper kunne kome i gang allereie same vår. Metodikken er velprøvd; det er fangst og ringmerking på faste plassar i hekketida, i Noreg i mai, juni, juli og august med i alt 12 fangstperiodar, tre i kvar månad. Kvar ti-dagarsperiode skal gi viktig informasjon om korleis bestandsutviklinga ogreproduksjonen er lokalt og kvifor mange småfuglartar utviklar seg i feil retning. Denne fangstlokaliteten skal berre brukast til dette formålet, seks timar pr. gong, helst frå soloppgang. Lydfangst er ikkje tillate. Dessutan bør lokaliteten vere trygg for fysisk forandring, slik at drift av prosjektet er sikra for lang tid framover. Eit anna krav er at biotopen ligg minst 500 meter frå andre fangstplassar. Formålet med CES-fangst er ikkje å ringmerke mest mogeleg fuglar på kortast mogeleg tid, men å få eit bilete av bestanden i området. Det går med mykje tid til vengemåling, veging, aldersbestemming, myting og måling av feitt osv. Det viktigaste av dette er nok forholdet mellom adulte, eitt-årige og unge fuglar.
CES-lokaliteten på Hareid: Lokaliteten ligg på austsida av Grimstadvatnet, og er ein del av Grimstadvatnet Naturreservat. Kjell Mork Soot eig stykket, så bruk av dette området burde vere sikra. Her vil nok ikkje grunneigaren jage ringmerkarane bort! I aust grensar denne lokaliteten mot dyrka mark og ein relativt nyanlagd jordbruksveg . I vest grensar stykket mot Grimstadvatnet. Vegetasjonen er for det meste ganske stor bjørkeskog, rundt 30 år gammal. Undervegetasjonen består mest av blåbærlyng, røsslyng og bjønnskjegg, med ein del småbusker, m.a. vier. Store delar av området var tidlegare mykje våtare fordi ei lita elv, Holstadløken, gjekk gjennom reservatet. Denne blei for ca. 15 år sidan ulovleg fjerna av ein bonde som bygde ein jordbruksveg med dreneringskanal kloss inn til grensa av reservatet. Resultatet av dette inngrepet var at dette myrområdet vi no har begynt CES-fangst på, er mykje tørrare enn tidlegare. På grunn av inngrepet forsvann m.a. sivsongaren som hekkefugl der. Også enkeltbekkasin og raudstilk blei borte. I ca. 20 år blei det drive mykje fangst og ringmerking der, men dette blei avslutta i 1998. Ringmerkingsaktiviteten blei då flytta 1 km lenger vest. I dei beste åra (slutten av 1970-åra) blei det for eksempel fanga rundt 2000 lauvsongar i juli og august, utan bruk av lyd.
Alf Tore Mjøs skriv i ”Vår Fuglefauna” nr. 1-2008 at det hadde vore svært verdifullt med fangst med heisenett i lauvskog, for denne vegetasjonstypen er kraftig underrepresentert i europeiske CES-prosjekt. CES-prosjektet ved Grimstadvatnet er i bjørkeskog, på eit myrområde, men dessverre har vi ikkje heisenett. Vi håper at lokalitetsvalet er brukbart likevel. Det verkar faktisk som om fangsten er relativt effektiv. Blei ein ny art høyrd der, hang han gjerne i nettet kort tid etter. Når vi no har starta opp utan heisenett, må vi halde fram på same måten i framtida. Det skal vere mest mogeleg likt frå år til år.
Til saman 19 nett, ni meter lange, blir brukt til dette CES-prosjektet. Dei står i ei lang rekke, og har då ei lengde på 171 meter. Kvart nett er merka, så vi fører også opp nummeret på nettet fuglen vert fanga i. Det har vist seg å vere stor forskjell på netta, som venta var. I enkelte nett vart der knapt registrert ein fugl i løpet av sesongen. Elles var det berre ein mann som hadde ansvaret for CES-fangsten i ei gitt ti-dagarsperiode. Dei to andre på laget var i reserve om det trongst. Denne sesongen var det ikkje naudsynleg å kalle inn hjelpemannskap, for fangsten var relativt laber.

Denne raudstrupen var første fuglen som blei registrert i CES Norge, 01. mai 2008 klokka 05.21.
(Foto:Kjell Mork Soot).
Vi starta fangsten 01. mai, same dagen CES Norge-prosjektet offisielt starta. Etter det som blei opplyst ved Ringmerkingssentralen (Olav J. Runde pers. medd.), var Sunnmøre RG einaste gruppa som kom i gang den dagen. Tre andre grupper starta også opp i 2008. Det var Trollheimen RG, Rana RG og Borre RG . Det er venta at fleire grupper kjem til i 2009 (Alf Tore Mjøs pers. medd).
Morgonen 01. mai 2008 var vindstille og det var for ein gongs skuld opphaldsver. Første fuglen som hang i nettet i grålysninga var historisk: raudstrupe. Der hang forresten to fuglar av same arten ikkje så langt frå kvarandre. Etter kvart blei det klart at desse to fuglane var eit par, for vi fanga dei fleire gongar seinare i andre ti-dagarsperiodar. Det viste seg i løpet av CES-fangsten at raudstrupen hadde ein uvanleg god hekkesesong i 2008. Dette blei bekrefta på dei andre fangstplassane på Hareid gjennom heile hausten. Jfr. tabell 1.
Art |
Vaksne |
Årsungar |
Totalt fanga |
Heipiplerke |
1 |
- |
1 |
Gjerdesmett |
1 |
3 |
4 |
Raudstrupe |
3 |
23 |
26 |
Svarttrast |
6+3 |
7 |
13+3 |
Gråtrast |
- |
1 |
1 |
Måltrast |
1 |
3 |
4 |
Raudvengtrast |
4+1 |
1 |
5+1 |
Munk |
3 |
1 |
4 |
Gransongar |
1+1 |
- |
1+1 |
Lauvsongar |
12+3 |
3 |
15+3 |
Lauvmeis |
1 |
3 |
4 |
Granmeis |
2 |
1 |
3 |
Kjøtmeis |
4+3 |
11 |
15+3 |
Spettmeis |
- |
0+1 |
0+1 |
Bokfink |
7+1 |
- |
7+1 |
Grønsisik |
2 |
- |
2 |
Brunsisik |
- |
1 |
1 |
Dompap |
1 |
- |
1 |
Sivsporv |
0+1 |
1 |
1+1 |
19 artar, til saman: |
51+13= 62 |
59+1= 60 |
108+14=122 |
Tabell 1: Totalt antal individ fanga ved CES Grimstadvatnet. Tala etter addisjonsteiknet + er talet på fuglar som allereie hadde ring frå før og var ringmerkte utanom CES-prosjektet.
Dato 2008 |
Tid klokka |
Vaksne |
Årsungar |
Totalt fanga |
01. mai |
05-11 |
8 |
0 |
8 |
12. mai |
05-11 |
17 |
0 |
17 |
25. mai |
16-22 |
8 |
0 |
8 |
05. juni |
04-10 |
15 |
0 |
15 |
16. juni |
03.30-09.30 |
5 |
6 |
11 |
25. juni |
03.30-09.30 |
19 |
11 |
30 |
03. juli |
03.30-09.30 |
6 |
6 |
12 |
11. juli |
03.30-09.30 |
6 |
24 |
30 |
22. juli |
04-10 |
0 |
7 |
7 |
01. august |
04.15-10.15 |
2 |
2 |
4 |
12. august |
04.30-10.30 |
1 |
6 |
7 |
24. august |
05-11 |
1 |
5 |
6 |
Alle ring-merkingar og kontrollar : |
|
88 |
67 |
155 |
Tabell 2: Fangstresultat for kvar ti-dagarsperiode. Her er alle kontrollar rekna med, også av fuglar som ringmerkte i tidlegare periodar.
Kommentar til tabellane / fangstresultat:
108 fuglar utan ring blei fanga inn, i tillegg hamna 14 allereie ringmerkte individ i nettet. Den totale fangsten blei dermed 122 ulike individ fordelt på 19 artar. Den klart vanlegaste arten var raudstrupe med 26 ulike eksemplar . Av desse var 23 ungfuglar, som tydeleg viste at denne arten hadde eit svært godt hekkeår. Lauvsongar og kjøtmeis kom på delt andreplass talmessig, der begge artane opererte med 15 vaksne og 3 ungfuglar. At ein får mange fleire vaksne enn ungfugl, er eit svært dårleg teikn med tanke på hekkesuksess. Dette stemmer godt overeins med det vi observerte elles, både med nettfangst og reirobservasjonar i Hareidsdalen: Hekkesuksessen var svært dårleg hos mange småfuglartar, pga periodar med kaldt og regnfullt ver akkurat i viktigaste tida når ungane var klekte og låg i reir. I dei fleste meisekassene låg heile kulla daude, både meiser og svartkvit flugesnappar. Det same skjedde tydelegvis med fleire bakkehekkande artar. Tabell 1 kan gi eit visst bilete av dette. I dei fire siste periodane (frå siste tidagarsperioden i juli), burde ein vente mest fugl i netta, for då er alle ungfuglane utflogne i eit normalår. Det var påfallande at desse fire periodane var dei dårlegaste av alle 12 periodane. Lite med ungfugl og vaksne fortel at hekkinga for dei fleste artane var gått katastrofalt dårleg i 2008. Dei vaksne fuglane sin forsvinning tydde vel berre på at dei gjekk til myting straks etter mislukka hekking, og dermed var lite mobile i ein periode.
Av dei 14 fuglane som allereie hadde ring, hadde ein svarttrasthann dansk ring. Tilbakemelding om denne fuglen er pr. skrivande stund ikkje motteken. Den fuglen som var ringmerkt nest lengst unna, var ein gransongar som var ringmerkt i september 2006 i Barstadvik, Ørsta, 10 km lenger aust, av Sigurd Arne Hovde. Ei spettmeis, ringmerkt som reirunge på Rise, Hareid 26. mai 2008, blei 11.juli kontrollert av CES-prosjektet, 3 km unna. Etter årelang erfaring ser den arten ut til å vere ganske upåverka av dårleg ver (Bjarte Røyset pers.medd). Av dei resterande 11 fuglane var dei fleste ringmerkt i vestenden av Grimstadvatnet, om lag ein km unna. Enkelte var ringmerkt same vår, medan ein raudvengtrast og ei kjøtmeis var ringmerkt fem år tidlegare. Ei anna kjøtmeis var tre år.
Vi er i alle fall ikkje i tvil: Dette CES-prosjektet er så interessant å vere med på at vi stiller seinare år også! Vi har eit håp om at også andre i Sunnmøre RG kan starte opp med med sitt CES-prosjekt. Der burde vere plass til eit prosjekt i Giske/Ålesundområdet og eitt i Ørsta/Voldaområdet. Der skulle det vere nok folk til å kunne drive prosjekta.
Eitt er i alle fall sikkert: Allereie no, etter ein sesong, ser vi konturane av at CES-prosjektet skaffar verdifull informasjon om våre fjørkledde venner, og kva problem dei slit med.
Til slutt: Takk til Alf Tore Mjøs, som har lese gjennom manuskriptet, og har kome med konstruktiv kritikk.